Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet dokumentarproduksjon

Har du fått med deg det viktigaste om dokumentarproduksjon? Gjer ei eigenvurdering!
Ein mann viser fram ein plakat, som er montert på eit stort teiknebrett, til ein annan mann. Dei står framfor ein vegg med plakatar. Svart-kvitt foto.

Har du forstått?

Kan du svare ja på alle spørsmåla nedanfor, har du god oversikt over emnet dokumentarproduksjon.

  • Eg forstår kva som blir meint med dokumentar.

  • Eg kan forklare kjenneteikn ved dokumentarfilm.

  • Eg kjenner til historia til dokumentarfilmen og sentrale filmar, retningar og regissørar.

  • Eg kan kjenne igjen og bruke ulike forteljemåtar i dokumentar.

  • Eg kan beskrive Bill Nichols' seks forteljemåtar og bruke det som inspirasjon i eigen produksjon.

  • Eg kan kjenne igjen og bruke ulike dramaturgiske grep i ein dokumentarproduksjon.

  • Eg veit forskjellen på dramadokumentar og dokumentardrama.

Kva omgrep har du oversikt over?

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022

Læringsressursar

Dokumentarproduksjon