Hopp til innhald

Fagstoff

Dramaturgi i dokumentarar

Dokumentarskaparar låner gjerne verkemiddel og dramaturgiske grep frå spelefilmen for å fange merksemda til publikum og halde på ho.
Donald Trump og Hillary Clinton snakkar samtidig i kvar sin handhaldne mikrofon. Dei lener seg litt inn mot kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dramaturgi kan brukast i alle typar medieproduksjonar, også dokumentarproduksjonar, for å bygge opp og skape driv i ei forteljing. Her er nokre dramaturgiske grep som vi ofte finn i lyd- eller videoproduksjonar om faktiske hendingar og personar.

Lag eit anslag som gjer inntrykk

Akkurat som spelefilmregissøren ønsker også dokumentarskaparen å fange interessa vår med det same. Anslaget må sitte! Anslaget er den aller første delen av ei historie, det skal gjere publikum nygjerrige på kva som vil skje vidare i filmen eller lydforteljinga.

Døme

Filmskapar Michael Moore er ein av dei som lagar slåande anslag. Anslaga hans er spekka med verkemiddel og viser tydeleg kva Moore vil med filmen.

  • Sjå anslaget (00:00–07:04) til Moores dokumentarfilm Fahrenheit 11/9 frå 2018.

  • Kven synest Moore er ein betre presidentkandidat for det amerikanske folket, Hillary Clinton eller Donald Trump?

  • Følg med på korleis bilete, lydar, fargar og sitat blir brukte til å understreke synet til filmskaparen.

Skap heltar og skurkar med aktantmodellen

Aktantmodellen blei utvikla av språk- og litteraturforskaren A. J. Greimas og beskriv den grunnleggande strukturen i forteljingar. Modellen kan også brukast til å strukturere ei dokumentarforteljing slik at ho får spenning og framdrift.

Aktantar

Ein aktant er ein handlande person (eller eit dyr, ein gjenstand osb.) med ein bestemd og nødvendig funksjon i forteljinga. Ifølge Greimas finst det seks ulike aktanter eller funksjonar: subjekt, objekt, hjelpar, motstandar, givar og mottakar.

Subjekt og objekt

I alle forteljingar finn vi eit subjekt som har eit ønske, behov eller begjær som hen prøver å få oppfylt. Det som subjektet ønsker seg, kallar vi objektet. Objektet kan vere ein konkret person, til dømes ein kjærast, men det kan også vere rikdom, status, rettferd, hemn osb. Forteljinga skildrar kva subjektet gjer for å få tak i objektet, og dette prosjektet til subjektet er kjernen i forteljinga.

Hjelpar og motstandar

Undervegs møter subjektet motstand, og dermed oppstår det ein konflikt. Motstandarane prøver å hindre subjektet i å nå målet, men det finst òg hjelparar som ønsker at subjektet skal lykkast.

Sendar og mottakar

Objektet som subjektet prøver å få tak i, er vanlegvis eigd av nokon andre. I eventyret er det til dømes kongen som "eig" prinsessa og som kan bestemme kven dotter hans skal få gifte seg med. Er subjektet på leiting etter rettferd, kan ein domstol eller NAV vere den som eig rettferda, og som kan gi ho til subjektet.

Når du lagar ein dokumentar, er det hovudpersonen som er subjektet eller helten i forteljinga di. Det er jobben din å gjere denne helten tydeleg for publikum og la dei få eit innblikk i hindringane hen må passere før hen når målet sitt.

Illustrasjon som viser aktantmodellen til A. J. Greimas. Han viser forholdet mellom dei seks aktantene subjekt, objekt, sendar, mottakar, hjelpar og motstandar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme

Sjå gjerne nærare på korleis andre kjende forteljarar grip an saka. Journalist Siri Knudsen i NRK P3 lét seg til dømes inspirere av Asbjørnsen og Moe då ho jobba med radiodokumentaren sin om artisten Truls Heggero.

Den gode lydhistoria

0:00
-0:00

Bygg spenning med Hollywood-modellen

Dokumentarskaparar lèt seg også inspirere av Hollywood-modellen når dei bygger opp forteljinga si. I denne modellen er historia delt opp i tre delar: Byrjinga skal skape interesse og la publikum bli kjende med personar og konflikt. I midtdelen blir konflikten trappa opp til spenninga når eit klimaks, og i sluttdelen finn konflikten si løysing og avslutning.

Hollywood-modellen: ein modell som viser utviklinga av spenning og konflikt. Spenninga aukar stegvis, heilt til ho når eit klimaks eller høgdepunkt. Deretter søkk spenninga brått og er raskt tilbake på utgangsnivået. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag samanheng med sirkeldramaturgi

Å bruke sirkeldramaturgi vil seie å binde starten saman med slutten. Denne typen dramaturgi blir gjerne nytta i dokumentarar med poetisk forteljemåte. Historia blir fortald utan lineær oppbygning, men held på interessa til publikum ved å ende opp der ho starta.

Skjul informasjon og varsle om det som kjem

Å halde tilbake informasjon for å gjere sjåaren nysgjerrig på det som vil skje vidare, er eit kjent grep frå spelefilmen. Også dokumentarskaparen vil til vanleg unngå at konklusjonen blir avslørt for tidleg, og hen redigerer oftast filmen slik at sjåaren alltid har noko å lure på. Men hen kan òg velje å legge inn små hint om det som kjem til å skje. Også dette grepet skaper forventningar hos sjåaren.

Relatert innhald

Få tips til korleis du kan bruke dramaturgiske grep for å få driv i forteljinga di.

Kjelder

Mæhlum, L. (2020, 28. desember). Aktantmodell. I Store norske leksikon. https://snl.no/aktantmodell

Olsen, M. & Schou, H. O. (Red.). (2022). Levende billeder. Grundbog i mediefag. Systime.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal, Ragna Marie Tørdal og Jone Nikolai Nyborg.
Sist fagleg oppdatert 01.05.2022

Læringsressursar

Dokumentarproduksjon