Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag minidokumentar om å vere skeiv

Lag ein kort dokumentar om det å vere skeiv der du bur, inspirert av dokumentarfilmen "Bygdehomo". Jobb saman i grupper, og produser i lyd- eller videoformat.

Til inspirasjon

Før de byrjar, bør de sjå dokumentarfilmen Bygdehomo frå 2018. Han varer i 17 minutt. I filmen møter vi Bjørn-Tore som er tilbake i heimbygda Volda for å delta på Noregs første Bygdepride. Julia Dahr og Julie Lunde Lillesæter har ansvar for manus og regi.

Arbeidsoppdrag

Del klassen i mindre grupper. Kvar gruppe skal lage ein kort dokumentar i lyd- eller videoformat. Lengda bør vere maksimalt ti minutt. Dokumentaren skal handle om det å vere skeiv i bygda eller byen de bur i.

Gruppene bør, så langt som mogleg, unngå å bruke dei same intervjuobjekta.

1. Forarbeid og planlegging

Research

Søk etter nettartiklar som handlar om skeive i nærmiljøa deira og ulike problemstillingar knytte til det å vere skeiv. Les til dømes fagartiklane Seksuell orientering og Kva er kjønnsmangfald?.

Vinkling og medverkande

Nærbilete av at eit par held hender. Begge personane har på seg shorts. Den eine har nettingstrømper, og den andre har regnbogestrømper. Foto.

Vel vinkling på historia de vi fortelje. Den kan til dømes handle om

  • å "komme ut av skapet" til familie og venner der de bur

  • korleis skeive kan finne ein kjærast der de bur

  • korleis det er å ha skeive foreldre der de bur

  • bruk av nedsetjande nemningar om skeive på skulen eller på fotballbanen, og korleis du opplever dette dersom du sjølv er skeiv

  • religiøse og kulturelle problemstillingar knytte til det å vere skeiv der de bur

  • diskriminering av skeive i arbeidsliv og foreiningsliv

  • korleis folk på heimstaden dykkar ser på pride-paradar og bruk av pride-flagg

Når de har valt vinkling, må de finne fram til og gjere avtale med aktuelle deltakarar i dokumentaren. Forklar kva opptaka skal brukast til.

Manus og produksjonsplan

Lag eit grovmanus for historia de vil fortelje. Juster manuset undervegs dersom de oppdagar nye sider ved historia.

Lag ein produksjonsplan som fortel kva opptak de treng, kvar og når opptaka skal gjerast, og kven som har ansvar for kva (avtalar, regi, lyd, foto, klipping).

Hugs at ein dokumentar ikkje berre er eit intervju, men ei forteljing. Bruk dokumentaren Bygdehomo som inspirasjon når det gjeld form og innhald. Les òg fagartikkelen om ulike forteljemåtar i dokumentar.

De kan òg bruke Malar for planlegging av film.

2. Gjennomføring

Pass på lyden

I ein dokumentar er det viktig med god lyd. Derfor bør de bruke ekstern mikrofon dersom de har tilgang til det under opptak. Les gjerne fagartikkelen om korleis ein sikrar god lyd i film.

Finn ekstra innhald

For å lage dokumentar treng de mykje innhald. Derfor kan det vere lurt å supplere eigne opptak med materiale som finst frå før.

Sjekk nettstader som tilbyr bilete, video, lyd og grafisk innhald som kan delast. Sjå mellom anna fagartikkelen "Finn innhald du kan bruke og dele".

Hugs at sitatretten gjer det mogleg å bruke eksisterande lyd- eller filmklipp for å eksemplifisere og illustrere poeng, sjå fagartikkelen "Om sitatretten".

Mann sit framfor ei stasjonær datamaskin og redigerer eit bilete av ei strand. Foto.

Klipping og lagring

Set saman dei ulike elementa til ei samanhengande forteljing i eit eigna redigeringsprogram. Juster klipp, bilete og lydar, og legg eventuelt til fleire effektar.

Hugs å få med tittelen og ein plakat med produksjonsopplysningar og kreditering av dei som er med, til slutt.

Lagre lyd- eller videoarbeidet i rett format, til dømes filformat MP3 (lyd) og MP4 med H.264 (video).

Dersom de skal publisere på internett, kan de velje ein streng lisens som CC-BY-NC-ND (namngiving, ikkje-kommersiell, inga omarbeiding). Då kan ikkje andre endre arbeidet dykkar eller tene pengar på det. Les meir i fagartikkelen om Creative Commons og lisensar.

3. Vurdering

Vis filmen i klassen og be om tilbakemelding frå lærar og medelevar.

Kvar elev lagar deretter ein skriftleg refleksjonsrapport som beskriv prosessen og produktet. Reflekterer over vala som vart gjorde undervegs i produksjonsprosessen. Vurder bruken av utstyr og programvare. Har de oppnådd god nok kvalitet på det ferdige resultatet? Reflekter òg over kva du lærte om det å vere skeiv i byen eller bygda du bur i.

Dersom du ønsker det, kan du bruke denne malen som støtte i skrivearbeidet.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Dokumentarproduksjon