Hopp til innhald

Fagstoff

Eit historisk blikk på dokumentarfilmen

Dokumentarfilmen baserer seg på faktiske hendingar og personar, men han må likevel forståast som ei dramatisering av verkelegheita. Her får du ei kort innføring i historia til dokumentarfilmen og kjenneteikna på sjangeren.
Ei menneskemengde på veg nedover ei lang og brei trapp. Nokre løp, nokre hoppar, nokre har falle, nokre står stille. Svart-kvitt-fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein dokumentarfilm?

Filmar som handlar om faktiske hendingar og personar, blir kalla dokumentarfilmar. Omgrepet dokumentar ("documentary" på engelsk) kan førast tilbake til det latinske documentum som betyr "bevis, døme til åtvaring". På engelsk er det også vanleg å snakke om non-fiction film.

I ein dokumentarfilm framstiller ein faktiske aktuelle eller historiske forhold. Filmen framstår dessutan som ein samanhengande retorisk heilskap – han fortel om noko frå ein ståstad.

Kjenneteikn på ein dokumentarfilm
  • Filmskaparen prøver å formidle ein bodskap om noko som skjer, har skjedd eller kan komme til å skje, i den verda som omgir oss.

  • Det blir skapt ei forventning hos tilskodaren om at det som blir fortalt, er sannferdig.

  • Opptak er vanlegvis gjort på location, i mindre grad i studio.

  • Til vanleg bruker ein ikkje skodespelarar.

  • Framstillinga er truverdig.

  • Temaet er samfunnsorientert, historisk eller biografisk (det omhandlar verkelege personar).

  • Formålet er å informere, diskutere, engasjere og/eller sette eit tema på dagsorden. Dokumentaren skal meir enn å underhalde.

  • Typiske stiltrekk er bruk av reportasje og intervju, handhalde kamera og manglande kontinuitetsklipping.

1900-talet: attgiving av verkelegheita

Dei første filmane var for det meste kortfilmar med dokumentarisk innhald. Eit døme på ein slik kortfilm er filmen til brørne Lumière frå 1895 om arbeidarar som forlet fabrikken. Filmane frå den tida viser ofte daglegliv, som måltidet til ein baby og tog som kjem til stasjonen. Det blei også laga filmar frå krigar og eksotiske reiser, ein type filmar som heldt seg populær lenge.

Kameraet blei til å byrje med brukt til å dokumentere hendingar og augneblinkar frå det verkelege livet. Kortfilmen From Denmark with love (1905) til dømes viser kong Haakons første steg på norsk jord.

1920-talet: Grierson og dramatisering av verkelegheita

Utover på 1920-talet byrja filmskaparar og kunstnarar å eksperimentere med dokumentarfilmen. Reine attgivingar av hendingar var ikkje idealet lenger.

I 1926 slo den skotske filmteoretikaren og filmprodusenten John Grierson fast at dokumentarfilmen må forståast som ”the creative treatment of actuality” – ei dramatisering av aktuelle og verkelege hendingar. Grierson meinte til dømes at filmskaparar godt kunne iscenesette hendingar ved behov, og best resultat blei det dersom deltakarane i filmen fekk spele seg sjølve.

Griersons definisjon blir rekna som den første definisjonen av dokumentarfilmsjangeren, og han gjeld faktisk den dag i dag.

Nanook of the North (1922): dokumentarlangfilm

Eit barn på kanskje åtte–ni år, med glatt, mørkt hår og midtskil. Det er kledd i ei pelsjakke med hette og ser alvorleg inn i kamera. Stillbilete.

Regissøren Robert J. Flaherty sto bak ein av dei tidlegaste dokumentarlangfilmane, Nanook of the North. Filmen følger ein inuitt-familie i den arktiske delen av Canada og skildrar dei daglege gjeremåla deira for å overleve. Han blei ein stor publikumssuksess.

Flahertys film skilde seg ut frå datidas faktaorienterte aktualitetsfilmar fordi han skildra personar som publikum kunne identifisere seg med. Med Nanook of the North skapte Flaherty ein ny forteljemåte i dokumentarfilmen som gav større plass til kjenslene.

Filmen er i tråd med John Griersons syn på dokumentarfilm som ei dramatisering av verkelegheita. Spørsmålet er om regissøren Flaherty gjekk for langt i den kreative omarbeidinga av verkelegheita. Han blei seinare kritisert for å sette i scene familien i for stor grad og for å idyllisere livet han skildra. Andre igjen kritiserte Flaherty for å framstille inuittane som menneske utan teknologi eller kultur.

Panserkryssaren Potemkin (1925): leikent filmspråk

Filmen Panserkryssaren Potemkin (1925) av den russiske filmskaparen Sergej Eisenstein har også blitt ståande som eit sentralt verk i filmhistoria. I dag ser nok dei fleste på Panserkrysseren Potemkin som ein spelefilm, men då han kom ut, blei han omtalt som dokumentarfilm, mellom anna av Grierson.

Eisenstein brukte verkemiddel som dramatisk musikk og rask klipperytme for å skape spenning i filmen, som er ei dramatisering av eit opprør på eit russisk marinefartøy i 1905. Ei scene som er særleg kjend og verd å få med seg, viser troppane til tsaren som opnar eld mot sivile i trappene ved hamna i Odessa.

Kon-Tiki (1951): prisvinnande norsk dokumentar

Den mest kjende norske dokumentarfilmen er truleg Kon-Tiki frå 1951. Oppdagaren Thor Heyerdahl både regisserte filmen og spelte i han. Dette er ein film der det som blir vist, blei filma samtidig som hendingane faktisk skjedde.

Filmen vann ein Oscar for beste dokumentar, sjølv om mange har peikt på at det filmatiske handverket er relativt amatørmessig.

Kjelder

Diesen, J. A. & Emilsen, A. S. (2022, 12. mai). Dokumentarfilm. I Store norske leksikon. https://snl.no/dokumentarfilm

Diesen, J. A. & Emilsen, A. S. (2022, 12. mai). Robert Flaherty. I Store norske leksikon. https://snl.no/robert_flaherty

Ridderstrøm, H. (2020): Dokumentarfilm. I Bibliotekarstudentens nettleksikon om litteratur og medier. https://www.litteraturogmedieleksikon.no/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jon Hoem og Maren Aftret-Sandal. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 26.09.2022

Læringsressursar

Dokumentarproduksjon