Oppgave
Analyser dokumentaren Exit Through the Gift Shop
Exit Through the Gift Shop er ein dokumentarfilm. Han er laga av Banksy, ein verdskjend gatekunstnar. Banksy er kjend for å lage små og store graffiti-kunstuttrykk med samfunnskritisk innhald. Kva vil han med filmen?
Er han samfunnskritisk også her? Vil han gjennom filmen avsløre og kritisere noko spesielt, slik han gjer det i graffitikunsten sin?
- Kva handlar filmen om?
- Kva for sjanger er det?
- Søk på nett og finn fram til fem fakta om filmen du synest er interessante.
- Kva kjenneteiknar forteljeteknikken som er brukt i filmen?
- Kva kjenneteiknar filmklippinga og måten klippa er sett saman på?
- Kva for informasjon får vi gjennom lydsporet? Korleis blir musikk brukt?
- Korleis er forteljinga og dramaturgien bygd opp?
- Det kan verke som om dette er ein veldig godt gjennomført mockumentary, altså ein film som gir seg ut for å vere ein dokumentar, men utan å vere det. Gjer søk på nett og undersøk kva som kjenneteiknar ein "mockumentary".
- Kva for verkemiddel i filmen til Banksy er felles med typiske verkemiddel brukt i "mockumentaries"?
- Kva gjer desse omgrepa med korleis vi oppfattar filmen og korleis vi forventar at filmen skal fortsetje?
- Ein dokumentar er ikkje '"sann", sjølv om han er "sannare" enn ein rein fiksjonsfilm.
- Kva er sant og kva er mindre sant i dokumentarfilmen til Banksy?
- Kva handlar filmen eigentleg om?
- Kva vil Banksy med filmen?
- Er graffiti kunst?
Oppgåvesett etter ein ide av Knut Einar Skjær
Relatert innhald
Kjeldemateriale
Exit Through the Gift ShopFilmen er laga av Banksy. Han handlar om Thierry Guetta, ein fransk immigrant i Los Angeles som er oppslukt av å filme alt han kjem over.