Hopp til innhald

Fagstoff

Sjekkliste for åndsverk

Sjekklista gir deg ein peikepinn på om medieproduktet ditt kan reknast som eit åndsverk. Ho hjelper deg til å bli mer medviten på måten du jobbar på, og styrkar stillinga di som opphavar.
Designer i arbeid på datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kan medieuttrykket ditt reknast som eit åndsverk?

  1. Kan du dokumentere at produktet ditt er originalt? Med det meiner vi at det ikkje er kopiert – for eksempel tracet – direkte av ein annan illustrasjon, eller at det liknar. Ja/Nei
  2. Kan du dokumentere at det ligg ein prosess bak skapinga av produktet? Ja/Nei
  3. Har du tatt vare på research? Døme er lenker til informasjon du har brukt, tankekart, idéskisser, andre skisser og anna arbeid som er laga i ei programvare. Ja/Nei
  4. På kva for måte kan du dokumentere prosessen? Beskriv!
  5. Kva har du? Korleis dokumenterer du det du har? Beskriv!
  6. Trur du det vil fungere å vise til at du hadde ei mengd notat som blei borte da programmet krasja, at minnepenna forsvann eller liknande – i ein eventuell rettssak? Ja/Nei

Viss du må svare nei på eitt eller fleire av dei tre første spørsmåla, finn fram eit anna medieuttrykk du har skapt.

Viss du må svare nei på spørsmåla uansett kva slags produkt du testar, tyder det på at du må forbetre rutinane dine – slik at dokumentasjonen på prosessen frå idé til ferdig produkt blir betre!

CC BY-SASkrive av Andrea Søndervik.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2019

Læringsressursar

Opphavsrett