Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein lovleg god musikkvideo

Klarer du å skape ein kreativ musikkvideo ved å hente "gratis" musikk og bilete frå internett? I dette oppdraget skal du øve deg i å finne klarert materiale og bruke det i eigen produksjon.
Ungdom dansar på gata. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdraget

Du skal skape ein kreativ musikkvideo der noko av materialet har ei eller anna form for Creative Commons-lisens (CC-lisens). Musikkvideoen skal vere bygd rundt ein låt som du finn og lastar ned lovleg frå nettet. Bileta skal byggje opp under bodskapen i låten. Du vel sjølv om det ferdige uttrykket skal vere kunstnarisk eller meir verkelegheitsnært.

1. Start med litt research

Leit på nett, og sjekk ut ulike musikkvideoar. Bli inspirert!

Her kan du sjå fleire musikkvideoar

Om musikkvideoen

Musikkvideoar blir brukte for å promotere musikk og har etter kvart blitt ei eiga kunstform med stor variasjon i uttrykksmåtar. Produksjonen av musikkvideoar byrja for alvor på 1960-talet, då populærmusikk blei ein viktig del av kulturen. Samtidig byrja fjernsynet å få stor utbreiing i Europa. I løpet av 1980-åra blei det utvikla eit eige filmspråk for musikkvideo. I 1981 byrja MTV å sende i USA. Det var den første fjernsynskanalen som berre sende musikkvideoar. I dag ser vi musikkvideoar stort sett på internett, og YouTube har blitt ein viktig distribusjonskanal.

2. Bli betre kjend med CC-lisensane

Alle som skaper eit åndsverk, har opphavsrett til sitt eige verk. Nokre gonger vil du likevel tillate at materialet ditt kan brukast av andre. Då kan du merkje bileta, videoane eller musikken din i ei eller anna form for Creative Commons-lisens. Creative Commons-lisensar gir deg på ulike nivå moglegheit til å dele verka dine med andre og til å bruke andre sine verk.

Tenk over

  • Kva nettsider kjenner du til der du kan laste ned lovleg, delbart innhald?
  • Kvifor har vi Creative Commons?

Sjå videoen om opne lisensar for opne læringsressursar for å lære meir om Creative Commons-lisensar.

Video om åpne lisensar for åpne læringsressursar

3. Finn låten

Leit på nett etter ein låt som fengjer deg. Under ser du nokre tips til nettstader der du kan finne delbar, gratis musikk. Du kjenner kanskje til fleire stader?

4. Leit etter bilete

Du kan søkje etter bilete og videoar som er merke med Creative Commons, i eit avansert Google-søk. På YouTube finn du innhald som er merkt med Creative Commons, ved å bruke filtera i søkjefunksjonen.

Det kan vere krevjande å finne klarerte bilete og videoar. Hugs at du også kan produsere eigne opptak. Kanskje du vil filme nokon som syng og dansar? Eller manglar du andre bilete som kan passe til låten? Her er det berre å utfalde seg kreativt!

5. Set saman og publiser arbeidet ditt

Til slutt skaper du musikkvideoen i redigeringa. Tenk på klipperytmen, og bruk gjerne fargekorrigering eller andre visuelle effektar.

Når du er fornøgd med videoen, finn du ein kanal der det er naturleg å publisere arbeidet ditt.

NB! Avklar med læraren din kor mykje av innhaldet som må ha Creative Commons-lisens, og eventuelt kor mykje som kan vere eigenprodusert. Bestem òg kor lang musikkvideoen skal vere. Kanskje 60 sekund er nok?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2020

Læringsressursar

Opphavsrett