Medieuttrykk 3
Felles programfag saman med:Mediesamfunnet 3
Bygger på:Medieuttrykk 2
Etikk og lovverk
I dette emnet får du oversikt over medieetikk og lovverket i mediebransjen. Desse prinsippa skal du bruke når du jobbar med medieproduksjon, og når du skal vurdere, drøfte og diskutere medieetiske spørsmål.
Universell utforming
Fysiske omgivnader skal vere tilrettelagde for varige eller mellombelse funksjonsnedsetjingar. Universell utforming er vedteke gjennom lovgiving og skal sikre tilgjengelegheit for alle. Ikkje minst skal universell utforming sikre at digitale tenester er tilgjengelege for alle.