Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Handbok om lover og reglar

Reiselivsbedrifta di, Breng Seterlykke, treng vekst, så du ønskjer å utvide sesongane for å få fleire gjestar. Til å hjelpe deg med å bli betre kjend har du nettopp tilsett to populære influensarar. Dei skal hjelpe deg med marknadsføringa på sosiale medium. Men kan dei reglane?
Ei lita klynge hus med torvtak ligg ved breidda av ein stor innsjø. Det er blå himmel, grøn og frodig natur, blikkstille vatn og store fjell med snø på toppane i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Bakgrunnshistorie

Du driv ei lita seter i den norske fjellheimen der du har hestar, kyr, geiter og høns. Du tilbyr turar på hesteryggen, toppturar og fisketurar i naturskjønne omgivnader. I tillegg tilbyr du overnatting på den gamle setra og kurs i ysting og andre tradisjonsrike måtar å lage naturleg og økologisk mat på. Kundane dine er i alle aldrar. Det dei har til felles, er at dei er glade i naturopplevingar, kultur og tradisjon. Setra er vinterstengd.

Informasjon

Dei nye medarbeidarane dine skal bu på Breng seter og blogge derifrå gjennom ein vår, sommar og haust. Du er usikker på om dei kjenner til aktuelle lover innanfor sal og marknadsføring, spesielt i sosiale medium. Du bestemmer deg derfor for å lage ei oppslagsbok med dei mest aktuelle lovene og reglane som influensarane må kjenne til.

Oppgåve

  • Jobb i par.

  • Set dykk inn i aktuelle lover og reglar for sal og marknadsføring, spesielt med tanke på reklame i sosiale medium.

  • Lag ei digital handbok, ei oppslagsbok for lover og reglar, som influensarane må forhalde seg til.

  • Legg gjerne inn bilete og videosnuttar som illustrerer reglane.

Tips til korleis de kan lage ei digital handbok

Handboka kan lagast i Power Point, og de kan laste ned ein gratis mal frå slidesmania.com.

  • Presenter handboka for kvarandre, og fyll ut med meir dersom det er noko de har gløymt å ta med.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2021

Læringsressursar

Lovverk i marknadsføring