Produktplassering i film og skjult reklame - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Produktplassering i film og skjult reklame

Produktplassering er ei form for skjult reklame der eit selskap betaler for at produktet deira blir vist i eitt eller fleire medium.

Oppgåve 1) Om produktplassering i film

  1. Sjå opningsscena frå James Bond-filmen Skyfall på Youtube. Kva merkevarer får du auge på dei to minutta dette filmklippet varer?

  2. Finn ut korleis Norsk filmforbund stiller seg til produktplassering i film.

  3. Finn ut korleis norsk lov regulerer produktplassering i norske filmar og TV-seriar.

Oppgåve 2) Produktplassering på idrettsarenaen

  1. Kva merkevarer sponsa idrettsutøvaren Therese Johaug i 2014?

  2. Undersøk gjerne profilane som Therese Johaug eller andre idrettsutøvarar har i sosiale medium.

  3. Gjer varierte søk med "reklameinnlegg", "idrett", "sosiale medium" eller liknande.

  4. Drøft utfordringar og moglegheiter knytte til produktplassering i idretten.

  5. Formuler to–tre problemstillingar de er inne på i drøftinga, og skriv ned stikkord som belyser drøftinga av desse problemstillingane.

  6. Del med klassen.

Oppgåve 3) Sjå filmen "Den perfekte familien"

Når den sjarmerande familien Jones flytter inn i eit villaområde, legg naboane merke til dei dyre vanane deira. Familien Jones har det nyaste innan mobiltelefonar, golfutstyr, sminke og merkeklede. Det tek ikkje lang tid før naboane begynner å kopiere stilen til den tilsynelatande perfekte familien.

Om filmen "Den perfekte familien"

Steve og Kate Jones verkar som eit perfekt ektepar. Dei er vakre og velkledde, og dei har eit stort herskapshus og pengar til å kjøpe alt dei måtte drøyme om.

Ekteparet blir straks lagt merke til av nysgjerrige naboar når dei flytter inn i eit velståande villaområde. Dei to tenåringsbarna til paret, som representerer alt som er kult og trendy, blir òg raskt populære på den nye skulen.

Det tek ikkje lang tid før naboar, vener og nye kjende begynner å kjøpe dei same tinga som trendsetjarfamilien.

Profesjonelle påverkarar

Ganske tidleg i filmen kjem det fram at det er noko som ikkje stemmer, med familien Jones. Dette er ikkje ein ekte familie, men ei marknadsføringseining beståande av fire profesjonelle påverkarar. Jobben deira er å selje produkt gjennom å verke rike, vakre og vellykka.

Filmen problematiserer ein type skjult marknadsføring der mottakarane ikkje forstår at det dreier seg om reklame, men trur at det dei ser, er livet og vanane til ekte menneske.

Det kan trekkjast parallellar mellom tematikken i filmen og det at såkalla "influensarar" reklamerer for ulike produkt på bloggar og i sosiale medium, utan at det alltid er tydeleg for publikum at det dreier seg om reklame.

Undersøk fagomgrep, og diskuter og vurder filmen

  1. Har du nokon gong blitt påverka av andre til å kjøpe noko? Er du overraska over at den tilsynelatande perfekte familien hadde så sterk påverknadskraft på dei andre personane i filmen? Kvifor / kvifor ikkje?

  2. Kva blir meint med influensarmarknadsføring? Søk opp omgrepet, og bruk fleire kjelder for å få ei oversikt over uttrykket. Skriv ei kort forklaring.

  3. Kva blir meint med skjult reklame? Søk opp omgrepet, og bruk fleire kjelder for å få ei oversikt over uttrykket. Skriv ei kort forklaring.

  4. Diskuter i grupper:

    • Kva er forskjellen på influensarmarknadsføring og skjult reklame?

    • Korleis problematiserer filmen influensarmarknadsføring?

    • Korleis problematiserer filmen skjult reklame?

    • Drøft følgjande påstand: "Det er fleire etiske utfordringar ved influensarmarknadsføring."

    • Drøft følgjande påstand: "Det er som regel tydeleg at det er snakk om innhald som er kjøpt og betalt på ulike bloggar og sosiale medium."

  5. Skriv ei vurdering av filmen der du inkluderer arbeidet ditt med omgrepa influensarmarknadsføring og skjult reklame og diskusjonane de hadde i gruppa. Hugs kjeldeføring.

Skrive av Ragna Marie Tørdal, Axel Sandberg, Elisabeth Thoresen Olseng og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.09.2018