Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk blikket ditt, set deg sjølv i scene og skap eit foto

Isceneset deg sjølv.

Du tar kanskje selfiar. Når du gjer det, skapar du ei framstilling av deg sjølv. Kanskje tar du bilete på eit fjell, eller på ein konsert. Du viser deg som best mogleg? Kanskje viser du deg saman med venner eller ein kjendis.

I alle desse tilfella set du deg sjølv i scene.

Utkledd kvinne tar selfie. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Studer Cindy Sherman og Vibeke Tandberg

Studer Cindy Sherman og Vibeke Tandberg sine kunstfoto. Dei brukar seg sjølve som aktørar framfor kameraet. Dei snur opp-ned på forventningar vi har til portrett og selfies.

Dei er ikkje fotografar som ser gjennom linsa for deg, men ein kunstnar som set seg i scene for ditt blikk. Dei brukar ofte klisjear og genrar som vi kjenner. Vårt blikk utfordra og dytta på, forventningane og fordommane våre blir synleggjorde og avdekka når vi ser arbeida deira.

Oppgåve 2

Lag eit kunstfoto

  • Gå i fotspora til Cindy Sherman og lag eit kunstfoto der du set deg sjølv i scene. Skap eit bilete der du utfordrar folk sitt vanlege blikk.
  • Kommenter gjerne roller og samfunnet.

Desse reglane gjeld

  • Du skal vere med i biletet.
  • Det er ikkje lov å gjere hærverk på skulen eller offentlege stader.
  • Biletet skal ikkje vere valds- eller herleggjere rus.

Forslag til utgangspunkt for stil

  • Vel ein stil bevisst, med utgangspunkt i deg sjølv.
  • Ta utgangspunkt i noko du blir inspirert av – eit nyheitsfoto frå avis, eit familiefoto, eit kunstuttrykk som warhol-silketrykk, eit kjend maleri eller ein streetart stensil-kunst.
  • Tenk gjennom din identitet. Kva formar han?

Forslag til utgangspunkt for innhald

  • Ta utgangspunkt i ei lokalpolitisk sak, trafikk, privatisering av kino eller ei større internasjonal sak, miljøkatastrofe, politiske val.
  • Du kan også ta utgangspunkt i mindre rolleutfordringar og rolleforventningar som ungdommar opplever.

Relatert innhald

Postmodernismen oppstod som ein reaksjon på modernismen i 1970-1980-åra. No skulle ein bort frå det enkle og eksperimentere med nye uttrykk.

CC BY-SASkrive av Atle Kold Hansen.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Trendar i uttrykksformer