Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til filmen Idéer og stilarter i grafisk design

Lag ei felles digital tavle i klassen og fyll ho med døme på grafisk design i ulike stilartar.

Før de ser filmen

Opprett ei felles digital tavle i klassen. De kan bruke Padlet, Samtavla eller liknande verktøy. Gi tavla tittelen "Trendar og stilartar i grafisk design".

Artikkel: Innføring i Samtavla

Finn og del døme

  1. Søk på nett og utforsk grafiske arbeid laga av Geir Henriksen og Aslak Gurholt, dei to grafiske designarane du møter i filmen. Finn to døme kvar og lim dei inn på den digitale tavla. Skriv ein kort forklaringstekst til kvart døme der du grunngir kvifor du valde desse døma. Hugs å få med tittel på arbeidet, publiseringsåret og .

  2. "Det finnes forskjellige trender samtidig, og i hovedsak kan de kategoriseres i to retninger", fortel Geir Henriksen i filmen.

    • Kva to refererer han til?

    • Søk på nett og finn eitt døme på kvar stilart. Skriv kort om kvifor du meiner døma dine har dei typiske kjenneteikna til stilarten.

  3. Utforsk kva uttrykk som er i bruk i dag. Kva trendar er aktuelle for tida? Finn to døme på som du meiner viser ein aktuell trend. Bruk til dømes søkjeordet "graphic design trends 2022", så får du opp forslag frå dette året. Last opp begge døma på tavla, og grunngi valet ditt.

  4. Til slutt ser de på den digitale tavla saman i klassen. Samanlikn og oppsummer arbeidet de har gjort.

    Tips til spørsmål de kan bruke i oppsummeringa:

    • Kva har vi lært?

    • Korleis kan kjennskap til stilartar hjelpe oss i arbeidet med grafisk design?

    • Kva påverkar oss når det gjeld design?

    • Bør vi vere oppdaterte på trendar, eller vil det svekkje den kunstnariske fridommen vår?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2022

Læringsressursar

Trendar i uttrykksformer