Hopp til innhald
Fagartikkel

Korleis følgje med på trendar i grafisk design?

Av og til er det vanskeleg å finne ut kva slags fargar, bilete, stil og typografi du skal velje. Kva trendar er aktuelle for tida? Kva passar til bodskapen din? Det andre har gjort før deg, kan vere eit godt utgangspunkt for å utvikle eigne idéar.

Hald deg oppdatert på designtrendar

Eit dagsaktuelt design blir lettare godteke og likt av enkelte mottakargrupper – særleg dei unge og motebevisste. Det gjeld altså å halde seg oppdatert på stilane og trendane innan og illustrasjon.

Søk og finn trendar

Lurer du på kva trendar som er aktuelle, kan du gjere eit enkelt søk for å få ein peikepinn. Bruk til dømes søkjeordet "graphic design trends" og årstal. Då kan du få opp forslag om mange nettstader som gir tips og beskriv kva stilar som er spesielt populære.

Du kan bruke same søkjeord på YouTube og finne designarar som viser og forklarer dei nyaste trendane.

Du kan også hente inspirasjon ved å sjå kva designarar deler i porteføljane sine (portfolio). Det er mange gode idéar å hente på desse nettstadene:

På nettstadene ovanfor kan du søkje og finne det du leitar etter – til dømes logoar, brosjyrar, cover eller app-design. Du kan også søkje etter design med ulike eller bestemde . Samtidig kan det vere greitt med ei påminning: Det er lov å la seg inspirere, men det er ikkje lov å plagiere.

Kjelder og inspirasjon til logoar og ikon

På desse nettstadene kan du få inspirasjon til dersom du skal jobbe med logodesign:

Verktøy til arbeid med fargar

Om du treng inspirasjon og hjelp til å finne gode fargekombinasjonar, kan du sjå på nettstadene nedanfor. Begge gir deg moglegheiter til å lage eigne fargekombinasjonar baserte på fargeteori. Du kan også sjå korleis andre har kombinert fargar, og laste ned dei fargepalettane du liker best.

Kva skjer i den norske designbransjen?

Det kan også vere spennande å følgje med på den norske designbransjen. På nettstadene nedanfor kan du lese norske nyheiter og artiklar om design:

Inspirasjon i sosiale medium

Innan grafisk design er det også mange flinke folk det kan vere inspirerande å følgje på Instagram. Døme: Allan Peters (@allanpeters), Aaron Draplin (@draplin), Tad Carpenter (@tadcarpenter), Ellen Lupton (@ellenlupton) og David Carson (@davidcarsondesigner).

Kanskje du på eiga hand finn nokre norske designarar, designbyrå eller andre som jobbar med design og deler inspirerande innhald i sosiale medium?

CC BY-SA 4.0Skrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2021