Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Apputvikling og prototyping

Fagartikkel

Brukaroppleving og brukargrensesnitt

I første rekkje handlar utvikling av nettsider om å skape ei god brukaroppleving. Det vil seie at brukarane av ein nettstad skal forstå strukturen og klare å orientere seg slik at dei finn det dei leitar etter.
Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Når du skal planleggje nettsider for ein oppdragsgivar, er det viktig å forstå kva oppdragsgivaren ønskjer med nettstaden. Kva er grunnen til at oppdragsgivaren vil opprette nettstaden, og kva målgruppe er han retta mot? Dette er utgangspunktet. Vidare i planlegginga må du finne ut korleis brukaren skal kunne finne eller gjere det han eller ho ønskjer på nettsida eller i appen.

Design av brukaroppleving

Når du jobbar med design av brukaropplevinga, er du oppteken av å planleggje og designe navigasjonen til brukaren. Korleis skal du skape ei god oppleving for brukaren din? Korleis skaper du flyt i navigasjonen på nettstaden og gjer det enkelt å finne fram for dei som leiter eller skal gjere noko bestemt?

Ein brukarsti viser korleis ein brukar kan navigere på ei nettside. Han gir oversikt over kva brukaren trykkjer på, og rekkjefølgja det skjer i. Slik kan du sjå for deg korleis ein typisk person kjem til sida di, leiter og så finn fram. For nettstaden FrittOrd-konkurransen kan du til dømes førestille deg at ein lærar sender eleven sin inn i nettstaden som beskriv konkurransen. Eleven sjekkar innleveringsfristen og rammene for konkurransen og set i gang med idéarbeidet.

Personas

Det kan ofte vere nyttig å lage brukarstiar for ulike typar personar. Personas, eller "liksom-personar", blir brukte for å forstå korleis brukarane opplever løysinga.

Du skaper ulike personas og lagar brukarstiar for korleis folk med ulik alder og kjønn kan oppleve navigasjonen på ein nettstad. Gjer du eit biletsøk på "UX storyboard", vil du sjå at det kan leggjast mykje arbeid i brukarforteljingar.

Brukaroppleving og brukargrensesnitt

Når nettsider eller appar for mobile einingar blir planlagde, er det to innfallsvinklar som er vanlege å ha:

  • Den eine er å vere oppteken av korleis brukaren navigerer, beveger seg og finn fram. Målet er å gi ei oppleving av flyt og at brukaren ikkje kjenner seg stoppa i systemet.
  • Den andre er å vektleggje utsjånad. Kva fargar og skrifttypar skal brukast? Kva stil skal det vere på bilete og video? Det er viktig å sikre at nettstaden har eit design som samsvarer med profilen til bedrifta eller organisasjonen.

Den første vinklinga kallar vi design av brukaroppleving, og den andre design av brukargrensesnitt. Den eine innfallsvinkelen heng saman med den andre.

I bransjen blir dei engelske forkortingane UX og UI brukte. UX står for user experience, som betyr "brukaroppleving", mens UI blir brukt om user interface, som betyr "brukargrensesnitt". Forkortingane eignar seg godt for bruk i nettsøk.

Skiljet mellom UX og UI handlar òg om eit skilje i arbeidsdeling. Viss to personar jobbar med kvar sin innfallsvinkel på ei nettside, er det viktig at dei snakkar godt saman, slik at brukaropplevinga passar som hand i hanske med brukargrensesnittet.

Omgrep

CC BY-SA 4.0Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2021