Lag wireframes
Før du gjer oppgåvene kan det vere lurt om du set deg inn i wireframes og korleis du kan lage dei.
1. Lag enkle wireframes
No skal du lage enkle low fidelity-wireframes av framsida eller ei annakjerneside på fleire nettstader. Vel mellom versjonen du ser på pc eller mobilen. Bruk penn og papir eller digital programvare for å lage skissene.
Lag wireframe av framsida eller ei anna kjerneside på desse nettstadene:
Refleksjon etter produksjon av wireframes
Samanlikn med ein medelev.
Korleis løyser de wireframe av desse sidene?
Er det lett å forstå wireframene til kvarandre?
Kva er bra, og kva kan de jobbe vidare med?
Kva tenkjer de om designet på desse kjernesidene?
Korleis opplever du desse nettstadene som brukar?
2. Lag enkle skisser
Vel ein type nettstad frå lista under og lag tre til fem ulike wireframe-skisser med enkle wireframes av framsida eller ei anna kjerneside på nettstaden. Bestem deg for om du designar for flate på mobil eller datamaskin.
Sjå for deg ein brukar, lag ein persona. List opp aktuelle brukaroppgåver som brukaren kan ha på denne nettstaden. Ta omsyn til dette når du lagar oppsett med wireframes.
Vel eitt av desse utgangspunkta:
det lokale biblioteket ditt
ny restaurant (Funky Fresh) som satsar på god, sunn og rimeleg mat for personar i tjueåra, både restaurant og takeway
frisør eller treningssenter i nærområdet ditt
3. Brukartest skissene
Vis fram dei enkle skissene til ein medelev og gjer ein enkel brukartest. Be medeleven forklare kva han eller ho tenkjer om oppsettet og innhaldet. Gi gjerne nokre brukaroppgåver. Kva for nokre av oppsetta forstår medeleven, og er dei formålstenleg bygd opp? Har desse sidene nødvendig og relevant innhald? Noter ned stikkord med informasjonen du får om skissene dine.
4. Lag ein avansert wireframe
Basert på informasjonen du får når du brukartestar dei enkle skissene, skal du no velje ut ein av idéane. Juster han, og lag ein meir avansert high fidelity-wireframe av han.