Lag ein nettstad om fritidsaktivitetar i kommunen
I arbeidet med dette arbeidsoppdraget skal de fokusere på å utvikle bodskap, samle informasjon og publisere ei nettside om fritidsaktivitetar i kommunen de bur i.
Undervegs skal de samarbeide og reflektere over kva de må avklare, og kva val de må gjere for å
- treffe målgruppa
- kome gjennom med føremålet for bodskapen
- forstå sjangeren og bruke gode verkemiddel og retoriske grep
- kunne tekniske funksjonar i nettpubliseringstenesta de skal bruke
- ta riktige omsyn til rettar for publisering
Finn ut kva fritidsaktivitetar som finst for aldersgruppa 14–18 år i heimkommunen dykkar. Kva skjer? Kvar og når? For kven passar det? Skaff til vegar biletmateriale. Ta eigne bilete, eller bruk bilete de har rettar til å bruke.
De skal produsere og levere
- eit strukturkart over nettsida, som viser korleis det er tenkt at målgruppa skal finne informasjon
- skisser over design og innhaldet på framsida og minst to av undersidene
- eit par døme på korleis de ser for dykk at ulike brukarar vil kome til å navigere på nettstaden
- eit skriv eller ein presentasjon der de gjere greie for kva val de har teke og kvifor med omsyn til design, bodskap, føremål og målgruppe
Kommunen ønskjer at bileta skal vere fine og motivere potensielle søkjarar til å melde seg på. Tekstane skal vere korte og lette å lese.
Relatert innhald
Wordpress er ei malbasert side der du kan lage din eigen nettstad. Kom i gang med denne bruksrettleiinga.
Du kan enkelt lage fine nettstader ved hjelp av ferdige malar. Her får du nokre tips og råd på vegen.