Oppgåve
Utforsk kulturomgrepet
Desse oppgåvene kan vere fine å gjere etter at du har lese artikkelen «Gå i djupna på kulturomgrepet». Får du med deg alle nyansane?
- Lag ei visuell framstilling av kva kultur er, med utgangspunkt i innhaldet i fagartikkelen «Gå i djupna på kulturomgrepet». Teikningar kan gjere dei ulike måtane å snakke om kultur på tydelegare.
- Du finn lenkje til artikkelen nedst på sida.
- Bruk papir og blyant eller digitale verktøy som du liker å bruke.
- Samanlikn gjerne teikninga di med teikninga til ein medelev, og diskuter likskapar og forskjellar.
- Samanlikn dei to videoane under. Begge seier noko om kva norsk kultur er. Kva slags syn på kultur finn du i dei to videoane?
- Bruk desse omgrepspara til å undersøkje dei to videoane: statisk/dynamisk, open/lukka, mangfaldig/einskapleg, moderne/tradisjonell og inkluderande/ekskluderande.
Diskuter: Kva meiner du om dei ulike måtane å framstille norsk kultur på?
NRK på YouTube: Norge er fremfor alt mennesker...
Forsvaret på YouTube: For alt vi har – og alt vi er
Visit Norway: Opplev samisk kultur
Adressa: Dagens unge samer mikser gjerne kofta med piercing, sminke og jeans
- Samanlikn desse to tekstane om samisk kultur. Kva slags syn på kultur finn du i dei to tekstane?
- Bruk desse omgrepspara til å undersøkje dei to tekstane: statisk/dynamisk, open/lukka, mangfaldig/einskapleg, moderne/tradisjonell og inkluderande/ekskluderande.
- Diskuter: Kva meiner du om dei ulike måtane å framstille samisk kultur på?
Lag ein samansett tekst om kva du meiner norsk kultur er. Bruk relevant fagstoff, og finn gode døme. Presenter gjerne teksten for klassen, og diskuter korleis de bruker kulturomgrepet.
Relatert innhald
Fagstoff
Gå i djupna på kulturomgrepetKva snakkar vi eigentleg om når vi snakkar om kultur, og korleis påverkar det korleis vi oppfattar kvarandre?