Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis forstå kulturelle fenomen?

Korleis kan vatn bety heilt ulike ting i ulike samanhengar? Og kva har fotball og religion til felles?

Tenk over / diskuter:

Kva seier filmen om kvifor det er interessant å samanlikne kulturelle fenomen?

Korleis blir omgrepa etnosentrisme og metodisk kulturrelativisme forklart?

Kvifor er dette viktige utgangspunkt når vi skal utforske og samanlikne kulturelle fenomen?

Vi tilskriv ting kulturell betyding

Kulturelle fenomen er alt i samfunnet som vi tilskriv ei kulturell betyding. Ei handrørsle kan bety hei i ei gruppe, eller farvel i ei anna. Dei som har lese om Knerten, veit at ein trepinne kan vere ein fantasiven, mens andre berre ser på pinnen som opptenningsved. Kulturelle fellesskap tilskriv ulik kulturell meining til fenomen i tilværet.

Når vi samanliknar fenomen som tilsynelatande ser like ut, kan vi oppdage at dei har svært ulik kulturell betyding. Samtidig kan det vere interessant å undersøkje fenomen som i utgangspunktet er ulike, men som likevel har nokre fellestrekk. Kan det til dømes vere interessant å samanlikne mem med tradisjonell folkedikting?

Den kulturelle betydinga kjem frå kulturelle kodar som blir delte av eit kulturelt fellesskap. Når vi samanliknar og utforskar kulturelle fenomen, kan vi òg spørje kva slags , , konvensjonar og verdsbilete dei uttrykkjer.

Tenk over / diskuter:

I filmen ser vi korleis vatn kan tilskrivast ulik kulturell betyding. Kan du tenkje på ulike kulturelle betydingar ein stol kan ha?

Kulturelle fenomen vernar og endrar

Med ei dynamisk tilnærming til kultur veit vi at det kulturelle er komplekst og i stadig forandring. Dette ser vi òg i mangfaldet og nyskapinga i dei kulturelle fenomena rundt oss. Dei kan både verne og utfordre normer og tradisjonar i ein fellesskap og er på denne måten ei kjelde til både kulturell endring og kontinuitet.

Spelefilmen Thale er til dømes med på å verne ein nordisk forteljartradisjon gjennom å bruke nordisk folkedikting og folketru som inspirasjon. Samtidig er han med på å endre forteljartradisjonen ved å kople han til ein Hollywood-inspirert skrekkfilmtradisjon.

NRK: Melding av og trailer til Thale

Tenk over / diskuter

Har du andre døme på kulturelle fenomen som byggjer på tradisjonar, samtidig som dei utfordrar dei?

Bikinien som kulturelt fenomen

Ei middelaldrande, solbrun kvinne i bikini står med ryggen til og ser utover havet. Foto.

Kva slags ulike kulturelle betydingar tilskriv vi ein bikini? Den kan vere behageleg og praktisk når ein skal drive med fysisk aktivitet. Nokon viser fram mest mogleg kropp, medan andre skjuler delar av kroppen som har vorte dvaske med åra. Kva slags ulike betydingar har ein bikini når han sit på ein kvinnekropp, ein mannekropp eller på ein barnekropp?

Ein bikini kan altså vere uttrykk for kulturelle normer og verdiar om helse, kropp, kjønn, seksualitet, alder, tvang og fridom.

Tenk over / diskuter:

Kva slags kulturell betyding tenkjer du badetøyet har på dei to ulike bileta her?

Korleis kan du få til ein metodisk kulturrelativisme når du samanliknar badetøyet?

To kvinner kledde i heildekkjande badedrakter og hovudplagg leiker i vasskanten. Foto.


Kulturell identitet

Kulturell identitet er den delen av identiteten som handlar om å tilhøyre éi eller fleire kulturelle grupper. Vi uttrykkjer kven vi er gjennom klede, musikksmak, bilete og film. Dette er ein måte å kommunisere normer for identitet på, altså korleis vi bør vere.

Nye spelerom for identitet

Nokre kulturelle fenomen er med på å stadfeste tradisjonelle oppfatningar om identitet, mens andre utfordrar dei og kan skape nye spelerom for kven vi kan vere. Klede kan vere med på å stadfeste normer for kjønn, når det gjeld både snitt, plagg og fargar. Mote kan stadfeste tradisjonelle normer, men klede kan òg skape nye rom for identitet på tvers av kjønnsrollene.

Artisten Ella Marie Hætta Isaksen både vernar og fornyar idéar om samisk kulturell identitet. Sjå NRK sin film frå Stjernekamp 2018 på YouTube.

Tenk over / diskuter

Kva kan vi lære gjennom å undersøkje og analysere kulturelle fenomen?

Korleis kan kulturelle fenomen føre til kulturell endring og fornying?


CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 24.09.2020

Læringsressursar

Teoriar om kultur