Hopp til innhald

Fagstoff

Normativ og beskrivande tilnærming til kultur

Kva for nokre ulike innfallsvinklar blir brukte til kultur som tema, og kva har det å seie kva innfallsvinkel vi bruker?
Karikaturteikning basert på Rudyard Kiplings "Den kvite manns byrde". Britiske John Bull og amerikanske Uncle Sam ber dei farga på ryggen mot sivilisasjon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kultur er eit tema som opptek mange, både i skulen, i forskinga og i samfunnet elles, men det er mange ulike måtar å tilnærme seg kultur som tema på. Når vi vel å snakke om kultur på ein bestemd måte, heng dette saman med kva vi meiner at kultur er.

Synet på kultur har endra seg i takt med at samfunnet og idear om vitskap og verda har endra seg, og heng tett saman med verkelegheitsforståinga som ligg bak. Derfor må du vere klar over kva perspektiv som er utgangspunktet når vi snakkar om kultur, og ha ei kritisk bevisstheit om kva slags konsekvensar dette har. I tillegg må du hugse på at vi alle har ein eigen kulturell ståstad, som vil påverke det vi ser.

Tenk over / diskuter

Korleis trur du verdsbiletet til dei første europeiske oppdagarane påverka korleis dei såg på kulturane dei møtte i Afrika, Oseania og Asia?

Normativ tilnærming til kultur

Ordet normativ kjem frå «norm», eit ord som handlar om at vi fastset verdien av noko. Når gamle lærebøker brukte omgrepet «primitive kulturar» om andre samfunn, var det tydeleg at dei ikkje blei sett på som like verdifulle som kulturen til forfattarane.

Når kulturar blir rangerte etter verdi på denne måten, som primitive eller avanserte, finkultur eller lågkultur, er det eit uttrykk for ei normativ tilnærming til kultur. Kva er konsekvensane av dette? Her i Noreg har vi eit døme med fornorskingspolitikken, som tok utgangspunkt i ein idé om at den samiske kulturen var underlegen den norske. Tanken var at den norske staten hjelpte samane ved å gi dei høve til å ta del i den overlegne norske kulturen.

Kven har makta til å definere kva som er ein verdifull kultur?

Det er òg viktig å vere klar over maktforhold når nokon definerer kva som er verdifullt. Vestlege kolonimakter har til dømes definert ikkje-vestlege kulturar som underutvikla og usiviliserte, i kontrast til den siviliserte og avanserte vestlege kulturen. Postkolonialisme er namnet på ei teoretisk retning som studerer kultur med vekt på dette maktforholdet, og som undersøkjer korleis dette framleis har konsekvensar. Den palestinske akademikaren Edward Said peika på korleis det europeiske verdsbiletet har blitt internalisert i dei tidlegare koloniane, altså blitt ein del av sjølvforståinga til menneska der.

Tenk over / diskuter

Kva andre døme på normative tilnærmingar til kultur kjem du på?

Fisnt det tilfelle der ei normativ tilnærming til kultur framleis kan vere nyttig?

Ei beskrivande tilnærming til kultur

Ei beskrivande tilnærming til kultur nøyer seg med å beskrive ulike menneskelege aktivitetar eller livsformer. I motsetning til den normative tilnærminga er poenget at du ikkje skal felle nokon dom over kulturelle aktivitetar. Ei beskrivande tilnærming tek sikte på å beskrive kulturen mest mogleg fordomsfritt og . Men er dette mogleg?

Tynne og tjukke skildringar

Antropologen Clifford Geertz meinte at det ikkje var nok å objektivt beskrive praksisar og handlingsmønster hos «dei innfødde». Dette kalla han «tynne skildringar». Geertz meinte at forskaren òg må fortolke kulturen og setje handlingane i ein kulturell kontekst som gir meining til det som blir skildra. Han brukte nemninga «tjukke skildringar» om detaljerte skildringar av kulturelle praksisar som også fortolkar dei og prøver å fortelje kvifor folk handlar som dei gjer, og kva dei ønskjer å uttrykkje med handlingane.

Eit døme Geertz brukte, var blunking. Ei objektiv skildring klarer ikkje å skilje mellom ei ufrivillig rykking i augeloket og eit flørtande blunk. Blunkinga får meining når vi fortolkar gesten ut frå kva slags meining han blir tilskriven i konteksten.

Tenk over / diskuter

«Det er umogleg å beskrive kultur objektivt.» Er du einig eller ueinig i denne påstanden?

Kjelder:

Dahl, Ø. (2001) Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Edgar, A. & Sedgwick, P. (2008). Cultural Theory: The Key Concepts. London, New York: Routledge.

Eriksen, Thomas Hylland (1994). Kulturelle veikryss. Oslo. Universitetsforlaget.

Kluckhohn, C. & Kroeber, A.L. (1952). Culture: A Critical Review of Concepts and Definitions. Cambridge, Ma: Peabody Museum of American archeology and ethnology.

Skei, Hans H.: «Postkolonialisme» i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. oktober 2020 frå https://snl.no/postkolonialisme

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 09.09.2020

Læringsressursar

Teoriar om kultur