Hopp til innhald

Fagstoff

Stereotypiar og humor

Kva ler du av? Det finst mange former for humor, og ikkje alle ler av det same. Men det er òg universelle verkemiddel i humor. Eitt verkemiddel er å lage stereotypiske framstillingar av andre folkegrupper og kulturar.
Gul emoji som ler så mykje at det kjem tårer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les vidare: Kan du definere omgrepet stereotypi? Les om omgrepet i denne artikkelen om stereotypiar, fordommar og rasisme:

Relatert innhald

Kva ler vi av?

Du har sikkert opplevd å le av noko andre ikkje synest er morosamt i det heile. Humor er i stor grad kulturbestemt. Dei som høyrer til ein kultur, har like referanserammer og kjenner dei kulturelle kodane, vil gjerne le av det same. Dei som ikkje høyrer til kulturen, forstår ikkje alltid kva som er morosamt. Kanskje har du og venene dine noko de kallar "intern humor", der de ler av noko som gjerne er knytt til ei felles oppleving eller erfaring? Slik humor bind dykk saman, men han skaper òg distanse til dei andre som ikkje har dei same referanserammene.

Vi ler altså ikkje alltid av det same. Likevel er det ein del humoristiske verkemiddel som dei fleste ler av, som at nokon snakkar eller rører seg rart. Aller best liker vi å le av dei som er annleis enn oss.

Om humor og verkemiddel på fjernsyn i faget Medie- og informasjonskunnskap.

Humor kan skape avstand

Humor kan vere med på å halde oppe skiljet mellom "vi" og "dei andre". Stereotype framstillingar kan forsterke fordommar vi har om ei folkegruppe eller kultur. Vi ler gjerne av folk frå ein annan landsdel, ei minoritetsgruppe eller folk frå andre land. Dei andre blir gjerne framstilte som enklare og dummare enn oss, og måten dei snakkar på, utsjånad og åtferd, blir karikerte. Eigenskapar som blir overdrivne og manglande nyansar skaper humoren. Samtidig er det krevjande å balansere mellom humor og det å fremje negative stereotypiar som kan støyte.

Makt og humor

Humor kan utfordre eller utøve makt, alt ettersom kven som blir ramma av humoren. Latterleggjering er eit kraftig maktgrep som kan ta frå einskildmenneske eller grupper verdigheit og status. Det er forskjell på å sparke oppover og å sparke nedover. Dette handlar om at humor som går på kostnad av mektige grupper eller enkeltpersonar, generelt opplevast som mindre problematisk, enn humor som rammar svake og utsette grupper.


Tenk over / diskuter:

Er det noko eller nokon du ikkje synest vi bør vitse om? Grunngi svaret ditt.

Norske stereotypiar

Journalist Hanne Bernhardsen Nordvåg skriv om fordommane ho møtte som nordlending i kronikken "Fordømte nordlendingar. Og søringar. Og bergensarar". Ho fortel korleis humorgruppa Team Antonsen gjorde suksess med Ekstra Joker Nord og "Kaaaaaaari Bræmnæsssss", korleis det førte til at mange parodierte dialekten hennar. Ho føyste det bort i starten og tenkte at folk ikkje meinte det vondt, men stiller i kronikken spørsmålsteikn ved fordommane og kva slags bilete folk flest har av nordlendingar.

Sjå klippet frå Team Antonsen på NRK: Ekstra Joker Nord

Bernhardsen Nordvåg skriv òg at ho kjenner seg igjen i mange av fordommane ho møter. Ho meiner det er ein kjerne av sanning i korleis nordlendingar blir framstilte. Her er ho inne på noko sentralt når det gjeld stereotypiar og humor: For at det skal vere morosamt, må folk kjenne igjen noko i framstillinga.

Les heile kronikken på NRK: Fordømte nordlendinger. Og søringer. Og bergensere.


Tenk over / diskuter:

Kva slags stereotypiar om nordmenn har du sett i norske reklamar?

Når passar det å vitse med stereotypiar?

Humor er situasjonsavhengig. Journalist Geir Ramnefjell skriv i kommentaren "Humor og rasisme" om korleis noko som er passande å seie blant vener, ikkje er like akseptabelt å seie i det offentlege rommet:

Humor kan være upassende. Men humor er også ofte en ganske fin og ufarlig måte å lufte sine egne fordommer på. I en sosial sammenheng på jobben, med naboer. Humor kan være litt råere med folk du kjenner litt fra før, og da blir du gjerne enda bedre kjent etterpå.

For komikere er det å beherske temaer som rasisme og stereotypier et adelsmerke. Fordi det er farlig. Det er alltid mer spektakulært å leke med ilden.

Ramnefjell meiner det er viktig å snakke og fleipe om stereotypiar og diskriminering, men at det er nokre fallgruver. Det er viktig å vite når du kan spøkje om noko og når det ikkje er passande.

Heile kommentaren Humor og rasisme i Dagbladet

Blackface

Eit fenomen som har fått mykje merksemd i Noreg dei siste åra, er bruk av såkalla "blackface" i humorseriar. Det vi i dag kallar "blackface" var karikerte framstillingar av mørkhuda menneske som vart mykje brukte i vestleg kultur i førre hundreår, i ein kulturell kontekst der kvite vart sett på som toppen av evolusjonen og derfor biologisk overlegne andre folkeslag.

TV-serien Nissene over skog og hei vart først avpublisert, så republisert i desember 2020. Grunnen var at fleire påpeika at ein av karakterane kunne bli sett på som ein rasistisk karikatur, fordi han var sminka til ein mørkare hudfarge. Dette førte til ein større debatt om kva blackface er, og om det er riktig å avgrense humoristiske uttrykk på denne måten.

Serien vart lagt ut igjen, men med ein plakat som varsla at enkeltelement i programserien frå 2011 kan verke utdatert og opplevast støytande. Argumentet var då at serien måtte sjåast i den konteksten han oppstod i, nemleg Noreg i 2011, før Black Lives Matter-rørsla, og den auka forståinga for rasisme som denne førte til.

Komikaren Jonis Josef sa på si side i ein VG-artikkel om saka at han støtta kritikken mot serien, og peika på korleis normer og verdiar heile tida er i rørsle:

Det er ikke mange år siden man rappet om kvinnehat og vold, eller at det var greit å bruke n-ordet. Samfunnet beveger seg videre, og det krever at man beveger seg litt smartere kanskje.

Tenk over / diskuter:

Bør vi sensurere humor og andre kulturuttrykk frå fortida om dei går på tvers av verdiar og normer i notida?

Les meir om blackface og humor i VG-artikkelen der antropolog Thomas Hylland-Eriksen og fleire norske komikarar diskuterer dette fenomenet:

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2020

Læringsressursar

Teoriar om kultur