Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

The Manchador

I denne kortfilmen blir ei heilt ny oppfinning introdusert . The Manchador snur opp ned på problemstillingar knytte til kjønn og påbodne klesplagg. Regi er ved den norsk-iranske filmskaparen Kaveh Tehrani.

Del 1 – Sjå dei to første minutta

Sjå dei to første minutta av kortfilmen (00.00-02.10).

  1. Kvifor har mannen bind for auga, trur du? Skriv ned tre moglege forklaringar. Del forklaringane i klassen.
  2. Kva får vi vite om personane vi møter?

Del 2 – Oppgåver til filmen

Sjå resten av kortfilmen og gjer oppgåvene under.

  1. Beskriv oppfinninga til Saeed. Kva utfordring er det han meiner han skal løyse?
  2. Stemde nokon av forklaringane dykkar på kvifor Saeed har bind for auga?
  3. Korleis blir Saeeds oppfinning tatt i mot, og kva konsekvensar får ho? Gi døme.
  4. Forklar slutten på filmen. Kva er det Saeed har komme fram til?
  5. Filmen handlar mellom anna om problemstillingar knytte til klesplagg og kjønnsroller. Kva er det filmskaparen ønskjer å formidle med denne filmen, trur du? Grunngi svaret ditt.

Del 3 – Gå i djupna

Bruk oppgåvene til å gå i djupna på temaet av filmen.

  • "ManChador is protection, not limitation" ("Augebind er vern, ikkje begrensing") står det på skiltet på kontoret til Saeeds firma. Drøft denne påstanden med utgangspunkt i teori om etnosentrisme og kulturrelativisme. Kom med saklege argument og døme, og hugs på å vere medviten din eigen kulturelle ståstad i drøftinga. Presenter funna dine til medelevar.
  • Bruk relevant teori, eigne erfaringar og inspirasjon frå filmen til å utarbeide ein presentasjon om klede som kulturuttrykk. Lag ei problemstilling, hent inn informasjon og døme, og presenter funna dine til medelevar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen, Caroline Nesbø Baker og Tina Andersson.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2020

Læringsressursar

Teoriar om kultur