Hopp til innhald
Oppgåve

Utforsk og samanlikn kulturelle fenomen

Korleis kjem normer, verdiar og tradisjonar til syne i ulike kulturelle fenomen?
Video: Cylinder Production AS, Per Vigeland / Avgrensa bruksrett

Sjå filmen om å utforske og samanlikne kulturelle fenomen over, før du går i gang med denne oppgåva. Du får òg bruk for kunnskap om kulturomgrepet og ulike tilnærmingar til kultur, kulturell identitet og kulturuttrykk. Relevante fagartiklar finn du nedst på sida.

Under ser du ei oversikt over kulturelle fenomen med lenkjer til kjelder som framstiller fenomenet i ulike kulturelle kontekstar. Vel eitt av dei kulturelle fenomena og samanlikn korleis det kjem til uttrykk i dei ulike kulturelle kontekstane. Finn òg gjerne eigne kjelder, og prøv å svare på desse spørsmåla:

  • Beskriv det kulturelle fenomenet du har valt å utforske så inngåande som mogleg, med utgangspunkt i korleis det verkar i kjeldene du har valt.
  • Kva slags identitetar, normer og verdiar og kulturelt tilskrivne meiningar er knytte til fenomenet du undersøkjer? Kva likskapstrekk og forskjellar finn du når du samanliknar ulike kjelder?
  • Er kulturuttrykket med på å verne tradisjonar, eller blir tradisjonelle normer og verdiar utfordra?
  • Reflekter: Korleis er ståstaden eller forholdet ditt til dette kulturelle fenomenet? Påverkar din eigen kulturelle ståstad korleis du tolkar det du ser, eller får du til ein metodisk kulturrelativisme slik det blir beskrive i filmen om å samanlikne kulturelle fenomen?
  • Bruk det du finn til å drøfte kulturomgrepet: Kva seier funna dine om kultur i verda i dag?
  • Presenter oppgåva di anten som ein fagartikkel, film eller podkast.

Festdrakter

Forslag til kjelder:

Ferie

Forslag til kjelder:

Ungdomskultur

Forslag til kjelder:

Draumen om Amerika

Forslag til kjelder:

Hip-hop

Forslag til kjelder:

Klede og mote

Forslag til kjelder:

Reklame

Forslag til kjelder:

Fotballsongar

Forslag til kjelder:

Bøn

Forslag til kjelde:

Kjønnsroller og verdiar i popmusikk

Forslag til kjelder:

Vikingar og norrøne symbol

Forslag til kjelder:

Relatert innhald