Hopp til innhald

Fagstoff

Essensialistisk og dynamisk tilnærming til kultur

Kva for nokre ulike innfallsvinklar blir brukte til kultur som tema, og kva slags konsekvensar har dei?
Fiskebåtar i vatnet framom eit snødekt fjell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kultur er eit tema som opptek mange, både i skulen, i forskinga og i samfunnet elles, men det er mange ulike måtar å tilnærme seg kultur som tema på. Når vi vel å snakke om kultur på ein bestemd måte, heng dette saman med kva vi meiner at kultur er.

Synet på kultur har forandra seg i takt med at samfunnet og idear om vitskap og verda har endra seg, og heng tett saman med verkelegheitsforståinga som ligg bak. Derfor må du vere klar over kva perspektiv som er utgangspunktet når vi snakkar om kultur, og ha ei kritisk bevisstheit om kva slags konsekvensar dette har. I tillegg må du hugse på at vi alle har ein eigen kulturell ståstad, som vil påverke det vi ser.

Ei essensialistisk tilnærming til kultur

Dette perspektivet byggjer på ideen om at vi kan avgrense kultur til eit folk eller ei gruppe som deler nokre fellestrekk med rot i fortida – ein essens. Kultur er noko du har, det er felles normer, verdiar og reglar som ei gruppe deler – og dette blir ofte kopla til etnisitet og nasjonalitet. Men kan vi eigentleg snakke om ein einskapleg norsk kultur i Noreg i dag? Finnes det ein essens som vi kan seie at utgjer norskdom?

Konsekvensar

Konsekvensen av å bruke eit essensialistisk perspektiv på kultur kan vere at vi overdriv forskjellar mellom det vi ser på som ulike kulturar, og at vi generaliserer over dei vi ser som medlemer av ei gruppe med felles kultur. I dette perspektivet er det heller ikkje mykje rom for endring; tidlause sider ved kulturen blir sett på som essensen av han.

Når vi snakkar om japansk kultur, til dømes, har vi ofte eit essensialistisk perspektiv, som dreier seg om fellestrekk i japansk kultur sett frå ein vestleg ståstad: sushi, Pokémon, anime og høflegheit. Dette er generaliserande sidan ei slik skildring ikkje fangar opp nyansar, som lokale variasjonar eller endringar over tid. Det er òg lite tenkjeleg at alle som bur i Japan, vil kjenne seg att i denne skildringa.

Ein annan konsekvens er at vi bruker ein slik essens til å forklare kvifor enkeltpersonar gjer som dei gjer, noko som tek vekk individualiteten til dei som høyrer til andre grupper enn du sjølv gjer. Forfattaren Zeshan Shakar beskriv dette i sitt bidrag til boka Third Culture Kids, ein tekst der han tiltaler den norske majoriteten som «du»:

Når jeg feiler, da har alle guttene som meg feilet, og vi har all feil, men når du feiler, da er det bare deg og det er alltid alt annet enn deg som er feil.

(Shakar i Naqui, 2019, s. 193)



Tenk over / diskuter


Kan du tenkje på fleire døme på ei essensialistisk tilnærming til kultur?

Er det lett å tenkje at kultur er noko «dei andre» har?

En norsk kirke på julaften pyntet med juletre og lys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei dynamisk tilnærming til kultur


Ordet «dynamisk» betyr noko som er i rørsle, i utvikling eller i endring. Problemet med essensialismen som tilnærming er at ho ikkje rommar dagens globaliserte verkelegheit, der menneske og idear flyt mykje friare enn dei har gjort i tidlegare tider. Det er vanskeleg å avgrense kulturar, og det er ikkje alltid det er formålstenleg, sidan det gjer at vi mistar så mykje av nyansane og konfliktane som pregar oss som kulturelle vesen.

Derfor treng vi ei dynamisk tilnærming til kultur, som seier at kultur er noko ein gjer, ikkje noko ein har. Ei dynamisk tilnærming legg vekt på at kulturen er levande og forandrar seg kvar gong vi tolkar han på nytt.

Sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen har ein dynamisk innfallsvinkel til kultur når han skriv at kultur …

[…] er ikke udelelige pakker av skikk og bruk som man enten har eller ikke har. Mennesker er kulturelle blandingsprodukter.

(Eriksen 1994, s.14)

Kultur er felles rammer og kodar

I ei dynamisk tilnærming ser ein på kulturen som felles rammar og kodar som vi bruker for å skape ei felles meining. Derfor er kultur alltid i forandring, fordi det avheng av kven vi er, kva som er situasjonen, og konteksten for kommunikasjon. Men kultur kan framleis ha element som er felles for fleire menneske, og som ikkje endrar seg over tid, men dette avheng av at menneska i kulturen er einige om desse elementa når dei møtest.

Eit døme på dette er jula. Dette er ein tradisjon som har mange felles og uendra element, samtidig som det varierer stort korleis julefeiringa ser ut.

Tenk over / diskuter


Kjem du på fleire døme på kulturelle fenomen som er både noko felles og varig, men som har stor variasjon?

Kva for nokre av desse tilnærmingane meiner du passar best til å snakke om din eigen kulturelle bakgrunn?

Kjelder


«Dynamisk» i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. oktober 2020 frå https://snl.no/dynamisk

Edgar, A. & Sedgwick, P. (2008). Cultural Theory: The Key Concepts. London, New York: Routledge.

Eriksen, Thomas Hylland (1994). Kulturelle veikryss. Oslo. Universitetsforlaget.

Kluckhohn, C. & Kroeber, A.L. (1952). Culture: A Critical Review of Concepts and Definitions. Cambridge, Ma: Peabody Museum of American Archeology and Ethnology.

Naqvi, A.R. (red.) (2019). Third Culture Kids (1. utg.). Oslo: Gyldendal.

Skei, Hans H.: «Postkolonialisme» i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. oktober 2020 frå https://snl.no/postkolonialisme

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2020

Læringsressursar

Teoriar om kultur