Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Pride

I filmen Pride møter vi to vidt ulike grupper som tilsynelatande ikkje har så mykje til felles. Bruk det du har lært om kultur og kommunikasjon til å arbeide med filmen.

Om filmen Pride

I 1984 starta ein stor og langvarig gruvearbeidarstreik i Storbritannia. Mange streikande gruvearbeidarar og familiane deira måtte leve berre på donasjonar, sidan regjeringa fraus pengane til fagforeininga.

Ei gruppe homofile og lesbiske aktivistar i London finn ut at dei vil støtte dei streikande gruvearbeidarane. Dei dannar foreininga “Lesbians and gays support the miners”.

Foreininga startar å samle inn pengar til ein tilfeldig liten gruveby i Wales. Etter kvart blir dei godt kjende med gruvearbeidarane i byen og familiane deira. Det viser seg å vere utfordrande å skulle hjelpe ein liten gruveby på landet når ein er fargerik og homofil frå storbyen.

Samankomsten mellom to vidt ulike grupper demonstrerer kor viktig det er å gi slepp på eigne fordommar, og heller prøve å bli kjend med menneske som er ulik ein sjølv.

Utforskingsoppgåve

Vel eitt av temaa frå lista under. Lag ei problemstilling knytt til temaet, og bruk filmen til å svare på problemstillinga. Når du lagar ei problemstilling, bør du formulere spørsmål som ein ikkje kan svare på med ja eller nei, men heller lage litt meir opne spørsmål. Bruk relevant teori og omgrep, og vis til døme frå filmen. Du kan til dømes lage ein munnleg presentasjon, ein podkast eller ein film.

Tema:

  • kulturell identitet
  • andregjering
  • kulturuttrykk
  • interkulturell kommunikasjon
  • fordommar og stereotypiar
  • samanlikne korleis ulike kulturar uttrykkjer normer, verdiar og tradisjonar

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen og Ida Marie Stokkelien.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2020

Læringsressursar

Teoriar om kultur