Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er etnosentrisme og kulturrelativisme?

Bli ordentleg kjende med dette omgrepsparet, og innta eit kulturrelativistisk perspektiv til å utforske kulturelle fenomen.
Små lappar i ulike fargar med spørjeteikn eller orda rett eller gale (på engelsk). Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Få taket på omgrepa

  1. Les artikkelen om etnosentrisme og kulturrelativisme under.
  2. Gå saman i par eller grupper, der halvparten av gruppene i klassen skal jobbe med omgrepet «etnosentrisme» og den andre halvparten med «kulturrelativisme».
  3. I kvar gruppe skal medlemene munnleg dele sin definisjon av omgrepet dei jobbar med. Bruk eigne ord!
  4. Bruk det som blei sagt, til å lage ein definisjon som de er fornøgde med.
  5. Skriv definisjonen dykkar på ein plakat eller i eit dokument.

Utforsk omgrepa

Bruk ABC-metoden til å skildre sider ved omgrepet dykkar. Dette er ein metode som kan bidra til meir kreativitet når de jobbar i grupper. Metoden er skildra punktvis under.

  1. Kvar gruppemedlem får tildelt ein bokstav i alfabetet. Bruk denne bokstav-generatoren: Random letter generator
  2. No skal de etter tur munnleg formulere ei setning om omgrepet dykkar, som startar med bokstaven de har fått tildelt. Gjer dette opptil tre gonger.
  3. Diskuter bidraga dykkar. Kom de fram til noko interessant?
  4. Summer opp dei viktigaste innsiktene de har kome fram til rundt dette omgrepet, og skriv dei ned i dokumentet eller på plakaten som de byrja på i førre del.

Utforsk eit kulturelt fenomen

Bruk eit kulturrelativistisk perspektiv til å utforske eitt av desse kulturelle fenomena:

  • britisk revejakt
  • skidagen i norske skular
  • arrangerte ekteskap


Ei kulturrelativistisk tilnærming krev at du tolkar eit fenomen ut frå normer og verdiar som gjeld der fenomenet oppstår. Søk på nettet, eller sjå om du kan intervjue nokon som har innsidekjennskap til dette fenomenet. Prøv å finne svar på desse spørsmåla:

  • Korleis ser dette fenomenet ut frå aktørane sin ståstad, altså dei som praktiserer denne skikken?
  • Korleis ser fenomenet ut frå din eigen kulturelle ståstad?
  • Kva normer og verdiar kan forklare denne skikken?

Presenter og diskuter

  1. Presenter fenomenet ditt for medelevane.
  2. Diskuter: Har de lykkast med å forklare fenomena lausrivne frå dykkar eigne kulturelle ståstader? Kva er fordelane med ei slik kulturrelativistisk tilnærming?
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2020

Læringsressursar

Teoriar om kultur