Introduksjon til kulturomgrepet
Kultur er et ord som kan dekke utrolig mye av det menneskeskapte som finnes i verden. I noen situasjoner forstår vi kultur som musikk, kunst, dans, litteratur og film. En helt annen forståelse ligger til grunn når vi snakker om japansk kultur. Store norske leksikons artikkel om kultur tar for seg mange sider av dette begrepet, men gir en grunnleggende beskrivelse av kultur som "tanke-, kommunikasjons- og atferdsmønstre hos mennesker" (Schact, 2019).
Sjølve ordet kjem frå latin og betyr "å dyrke" eller "å pleie" (Schact, 2019). Langt tilbake i evolusjonen var dei tidlege menneskeartane som andre dyr prisgittte omgjevnadene som naturen gav oss, og det meste av livet var regulert av biologiske funksjonar og instinktiv åtferd. Samtidig som vi fekk større hjernar og utvikla eit språk, byrja vi å lage og bruke objekt som spyd og klede, som gav oss andre fortrinn enn vi hadde fått frå naturen. Etter kvart byrja vi også å forandre på dei naturlege omgivnadene våre, ved å dyrke planter og avle opp dyr. Alt dette var byrjinga på menneskekulturen. Sjølv om han framleis blir forma av dei naturlege omgivnadene våre, er det også kulturen som skil oss frå naturen og gjer oss til noko vesensforskjellig frå andre artar.
I denne oversikta ser vi døme på korleis ordet kultur blir brukt i norsk samanheng i dag (Johansen, 1999).
- kultur som åndsliv og produkt av slik aktivitet, både "finkultur" og "ukultur": litteratur, biletkunst, musikk, teater, fjernsyn og andre skapande aktivitetar (humanvitskap og kunst).
- kultur som aktivitetar, det "utvida" kulturomgrepet, som inneber at det er eit kulturelt aspekt ved alle aktivitetar, reiskapar og gjenstandar: idrett, fritidsaktivitetar, undervisning, sosialarbeid, mat, verktøy, klesdrakt (velferdspolitikk og organisasjonsliv).
- kultur som arv og minne: tradisjonar, kulturlandskap, kystkultur, kulturgjenstandar [...]. Det gamle er berar av identitet: språk, religion, eventyr, segn, vikingskip, stavkyrkjer, karjolar (human- og samfunnsvitskap, folkeminne, museum og kulturvern).
- kultur som livsform, som ein særleg måte å leve på eller vere på: steinalderkultur, urfolkkultur, japansk kultur, nordlandskultur, forretningskultur, sjukehuskultur, MC-kultur (samfunnsvitskap, sosialantropologi).
kultur som meiningsfellesskap: mønster av meining, kodar, idéar, verdiar, normer, identitet (studiet av kommunikasjon).
Tenk over / diskuter
Korleis bruker du omgrepet? Er det forskjell på korleis du bruker det i skulesamanheng og elles i kvardagen?
Finn du noko som er felles i alle desse definisjonane av kultur?
Det kan også vere nyttig å dele inn ulike kulturomgrep etter kategoriar, slik antropolog Jon Schackt gjer det i emneartikkelen til Store norske leksikon om kultur:
det snevre, sektororienterte kulturomgrepet
det utvida kulturomgrepet
det generelle kulturomgrepet
(Schact, 2019).
Det sektororienterte omgrepet beskriv kultur som ein eigen sektor i samfunnet som driv med artistisk omarbeiding, slik som litteraturen eller kunstfeltet. Dette samsvarer med betydninga av kultur som åndsliv i lista over. Eit døme på dette omgrepet i bruk er når vi snakkar om "kulturhus" og "kulturarbeidarar".
Det utvida kulturomgrepet beskriv også ein eigen sektor av samfunnet, men utvidar dette området til også å dekkje idrett og andre aktivitetar som ikkje tradisjonelt har blitt sett på som artistiske. Dette omfattar både kultur som åndsliv og kultur som aktivitetar frå oversikta. Dette omgrepet ligg til grunn for oppgåvene som kulturministeren i Noreg har ansvaret for:
Kulturdepartementet (KUD) har ansvar for den statlige politikken og forvaltningen på områdene kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medier, idrett, frivillig virksomhet og pengespill og lotteri.
(Regjeringen, u.d.)
Det generelle kulturomgrepet rommar alle mønster i tanke, handling og kommunikasjon som medlemmane i ei gruppe har til felles. Dette kulturomgrepet går på tvers av sektorar i samfunnet, og omfattar dei tre siste punkta i oversikta: kultur som arv og minne, livsform og meiningsfellesskap. Denne betydninga av kultur ligg bak når vi snakkar om ein norsk kultur.
Denne gjennomgangen viser at omgrepet kultur har blitt gjeve mange ulike betydningar. Nokre av dei overlappar, mens andre beskriv heilt forskjellige fenomen. Mens nokre betydningar blir brukte i daglegtale, kjem andre betydningar frå spesifikke fagområde som antropologi og sosiologi. Det er ikkje meininga at kultur skal bety ein ting, men det er viktig å vere bevisst på at omgrepa kan ha så mange ulike betydningar.
Dahl, Ø. (2001). Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon. Gyldendal.
Johansen, A. (1999). Medier – kultur og samfunn. Fagbokforlaget.
Regjeringen. (u.d.). Kulturdepartementet. Regjeringen.no https://www.regjeringen.no/no/dep/kud/id545/
Schackt, J.(2019): kultur. Store norske leksikon på snl.no. https://snl.no/kultur