Kommunikasjon og kultur 1
Kulturell identitet
Dette hovudemnet handlar om kulturteori, kulturuttrykk og ulike tilnærmingar til kultur. Vi ser òg på kulturell identitet og utforskar korleis vi og kulturen gjensidig påverkar og formar kvarandre.
Teoriar om kultur
Det finst fleire hundrevis av definisjonar på kva kultur her. I dette emnet skal du utforske kulturomgrepet og korleis du kan bruke det. Kva vurderingar må du gjere når du skal tilnærme deg kultur som tema?