Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utvikle tekstar for ulike kommunikasjonssituasjonar

Vel eitt kommunikasjonsoppdrag, og bruk det du har lært om tekst og kommunikasjon, til å løyse det på ein måte som passar til oppdraget.
Ei rekkje unge, smilande studentar sit på ein benk med PC-ar og nettbrett. Veggen bak dei er måla grøn med ei stor, lysande lyspære i midten. Rundt pæra er det ulike symbol og orda «Plan», «Creativity» og «Design». Foto.

Vel eitt av oppdraga under, og bruk det du har lært om tekst, medium og kommunikasjon, til å løyse det på ein måte som passar til kommunikasjonssituasjonen:

  • Lag informasjonsmateriale om smittevernstiltak i kvardagen med ungdom som målgruppe.

  • Overtyd vaksne i aldersgruppa 30–40 år om at dei må ete meir kjøtfri mat.

  • Planlegg ein haldningskampanje for å styrkje inkluderinga i skulen eller lokalsamfunnet.

  • Lag eit skilt som skal åtvare menneske fleire tusen år fram i tid om fare ved ein lagringsstad for farleg atomavfall.

  • Definer ein kommunikasjonssituasjon og ei målgruppe sjølv.

Når du presenterer arbeidet ditt, må du òg beskrive vala du har teke om medium, form og språk i utforminga av teksten for å tilpasse han til kommunikasjonssituasjonen.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2021

Læringsressursar

Utvikle tekstar