Oppgåve
Sentralt og lokalt i kinesisk historie – studiespørsmål
Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Sentralt og lokalt i kinesisk historie. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel til å finne svar på spørsmåla. Diskuter i klassen.
- Lokale styringsorgan blei oppretta i Noreg i 1837 med dei såkalla formannskapslovene. Var tanken bak dei lik den tradisjonelle statlege lokaladministrasjonen i Kina?
- Tykkjer du det er rimeleg å hevde at dagens kinesiske folkerepublikk liknar på den tradisjonelle kinesiske embetsmannsstaten?
- På midten av 1800-talet var Kina prega av ein av dei største bondeopprøra i landet si historie, Tàipīng 太平-opprøret. Men det var ikkje ein tradisjonell kinesisk religion som var inspirator for opprøret. Veit du kva religion det var?
Relatert innhald
Fagstoff
Sentralt og lokalt i kinesisk historieHeilt sidan Kina blei samla til eitt keisarrike i 221 fvt. har idealet vore ein sentralstyrt keisarleg embetsmannsstat.