I denne leksjonen lærer du kva du seier på kinesisk når du skal handle på kjøpesenteret. Du får ei innføring i det kinesiske pengesystemet, du lærer å spørje om pris, å forhandle om pris og å betale for varene. I tillegg lærer du om Kina som forbrukarsamfunn.
Samtidig som det har vore lite vareutval etter at kommunistane kom til makta, har forbruk vore noko folk har strekt seg etter, i det små. Og med den raske økonomiske utviklinga Kina har hatt sidan 80-talet, har kinesiske forbrukarar i stadig større grad kunna nyte godt av større vareutval. Men det har òg vore ei mørkare side ved denne raske utviklinga av forbruksvarer, som kynisk spekulasjon frå matvareprodusentar si side og omfattande piratkopiering.
CC BY-SASkrive av Ole Fossgård.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2018