Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk i leksjon 5

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen «Hobbyar».
Kinesiske skriftteikn på gul bakgrunn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Nominalfrasar

På kinesisk er det nyttig å vite kva ein nominalfrase er, og korleis ein nominalfrase er bygd opp. På kinesisk består ein nominalfrase av to delar: ein kjerne og eit attributt (føre kjernen). Eit attributt + ein kjerne utgjer saman ei eining som grammatisk fungerer på same måte som eit nomen i ei setning. Samanlikn følgjande:

中国音乐:中国 (attributt) 音乐 (kjerne)
Zhōngguó yīnyuè: Zhōngguó (attributt) yīnyuè (kjerne)

Kina-musikk – «kinesisk musikk»

Attributtet modifiserer kjernen, det vil seie at det på eit eller anna vis beskriv eller avgrensar betydninga til kjernen. På kinesisk kan òg spørjeord opptre i rolla som attributt, som i tilfellet under (der ein spør om typen musikk heller enn å beskrive typen musikk).

什么音乐?:什么 (attributt) 音乐 (kjerne)
Shénme yīnyuè?: shénme (attributt) yīnyuè (kjerne)

Kva musikk? – «Kva slags musikk?»

Strukturelt sett er begge desse nominalfrasar, sjølv om den første har eit nomen som attributt og den andre eit spørjeord som attributt. Merk at vi ikkje har bøying på kinesisk, og at vi derfor seier «Kina-musikk» og ikkje «kinesisk musikk». På norsk lagar vi eit adjektiv («kinesisk») av nomenet «Kina» = «kinesisk». Når ordet 中国 Zhōngguó – «Kina» – opptrer som attributt i ein nominalfrase, er det naturleg å omsetje det med eit adjektiv («kinesisk»). Men det er viktig å vere klar over at på kinesisk har vi ikkje denne distinksjonen mellom nomen og adjektiv i den ytre forma til ordet. Det er dermed den syntaktiske funksjonen eit ord har på kinesisk, som avgjer korleis ein vil omsetje det til til dømes norsk.

2. 喜欢写书法 xǐhuan xiě shūfǎ

Merk at mens vi ville sagt «eg liker å skrive» på norsk eller «I like to write» på engelsk, har vi ikkje slike infinitivsmerke på kinesisk. Derfor seier vi berre «eg liker skrive» eller «I like write».

3. Verbseriar

Ein vanleg konstruksjon på kinesisk er såkalla verbseriar, der vanlegvis to verb eller verbalfrasar kjem etter kvarandre utan eksplisitte konjunksjonar (ord som bind saman andre ord eller frasar/setningar, til dømes «og» i «treffe venner og prate»). Verbseriar på kinesisk kan uttrykkje ulike logiske relasjonar mellom verba. I setninga under kan vi òg tolke det som at det første verbet uttrykkjer ein intensjon om å utføre det andre: «å treffe venner for å prate»):

朋友

jiàn

péngyou

liáo

tiān

treffe

venner

(for å)

prate

(om ting)

4. ne

ne kan òg brukast på slutten av [verb]-ikkje-[verb]-spørsmål for å uttrykkje ei ekstra undring eller nysgjerrigheit. 你们喜欢不喜欢日本电影呢?Nǐmen xǐhuan bu xǐhuan Rìběn diànyǐng ne? kan forståast som «Kva synest de då om japanske filmar?» / «Liker de japanske filmar, mun tru?».

5. 那我们今天看一个日本电影,怎么样?

På kinesisk bøyer ein ikkje verb, heller ikkje i tid. Om ei verbhandling skjer i fortid, notid eller framtid, blir ikkje uttrykt i sjølve verbforma, slik det er på til dømes norsk: gå – gjekk – gått. På kinesisk bruker ein tidsord/tidsuttrykk som kjem føre verbet. Dette adverbiale (det vil seie at det står føre og seier noko om verbutføringa) leddet i setninga inneheld ofte tidsord som 今天 jīntiān, 明天 míngtiān eller 昨天 zuótiān, som definerer ei tidsramme for verbhandlinga. Døme:

我今天学中文。
Wǒ jīntiān xué zhōngwén.
«I dag studerer eg kinesisk.»

我明天学中文。
Wǒ míngtiān xué zhōngwén.
«I morgon studerer eg kinesisk.»

我昨天学中文。
Wǒ zuótiān xué zhōngwén.
«I går studerte eg kinesisk.»

Vi ser at tidsuttrykket inntek sin faste posisjon i setninga (alltid føre verbet, nokre gonger òg føre subjektet), og verbet blir ståande uendra. Dersom fokuset er sjølve handlinga, om ho er gjennomført, går føre seg no eller har blitt gjennomført på eit tidlegare, uspesifisert tidspunkt, bruker vi i tillegg ulike partiklar (funksjonsord) for å spesifisere dette.

Lær meir om korleis tidsaspekt blir uttrykt på kinesisk, i desse leksjonane: om 了 -le i kinesisk 2 leksjon 1, -guo i kinesisk 2 leksjon 2, -zhe i kinesisk 1 leksjon 13 og kinesisk 2 leksjon 12.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 5: Hobbyar