Når døden skjer
Det viktig å sørgje for at den døde blir behandla med respekt og verdigheit, og at dei pårørande får ei god oppleving sjølv om dei er i sorg.
Noter dødstidspunktet og følg rutinar for varsling til lege som undersøkjer pasienten og fyller ut dødsattest. Pårørande blir kontakta dersom dei ikkje er til stades. Om det er spesielle omsyn relatert til kultur eller religion, er det viktig å leggje til rette for dette så lenge det er i samsvar med norsk lov.
Medisinsk-teknisk utstyr i rommet blir fjerna eller dekt til, og utstyr på den døde blir fjerna med mindre det er fare for bløding eller spørsmål om rettsleg obduksjon (ved mistenkjeleg dødsfall). Sår, innstikkstader og stomiar blir dekte med vassfaste bandasjar.
Legg den døde flatt på ryggen med ei lita pute under hovudet. Set inn eventuelle tannprotesar, og støtt opp haka ved hjelp av hakestøtte eller hakeband for å halde munnen lukka. Lukk auga forsiktig, nokre gonger må fuktige tupferar leggjast på augelokka for å halde dei lukka. Hakeband på den døde kan fjernast mens dei pårørande er til stades, og setjast på igjen etterpå.
Verdisaker blir vanlegvis lagde i ein merka konvolutt som blir oppbevart i eit skap som kan bli låst, dersom dødsfallet hender på institusjon. Fjerning av smykke kan vente til etter samtale med pårørande fordi det kan vere ulike ønske om den døde skal behalde ringjar og andre eigedelar på. Ved heimedød er det pårørande som tek hand om verdisakene.
Mange etterlatne ønskjer å samlast og sjå den døde umiddelbart etter dødsfallet, mens andre takkar nei til det. Nokon ønskjer ei slik syning på eit seinare tidspunkt, og då er det gjerne gravferdsbyrået som arrangerer dette. Før syning er det viktig med god informasjon til dei pårørande slik at dei er førebudde, kanskje har dei aldri har sett ein død person før.
Før pårørande kjem inn på pasientrommet, er det viktig å rydde og lufte godt ut. Det er vanleg å pynte nattbordet med kvit duk og lys og å setje inn stolar i rommet til dei som kjem. For dei sørgjande er det viktig å få sitje saman med den døde så lenge dei ønskjer det, utan å føle at personalet skundar på dei.
Det er vanleg å vente minst to timar etter at døden hende før vi gjennomfører stell av den døde. På mange institusjonar er utstyr til dette pakka klart i såkalla "morspakker" (mors betyr "død" på latin), og sjølve stellet blir gjennomført på same måte som om pasienten var levande.
Nokre pårørande ønskjer å delta i heile eller deler av stellet, og for både etterlatne og tilsette som har vore nær pasienten, kan dette vere ein fin avskjed med den som har gått bort. Dersom pårørande skal delta, er det viktig med god informasjon om fysiologiske forandringar i forkant og undervegs i gjennomføringa av stellet, til dømes at det er vanleg at det kjem luft opp når ein snur på den døde under stell. Dersom det siv frå endetarmsopning og/eller skjede, kan desse bli tamponerte (bli tetta igjen) før pårørande blir med i stellet.
Stellet blir gjennomført av to tilsette på same måte som de gjennomfører stell av sengeliggjande pasientar. Når de er ferdige, skal den døde vere mest mogleg lik seg sjølv som levande. Dette inkluderer stell av hår, negler og barbering dersom det ikkje er gjort nyleg. Nokre pårørande ønskjer at den døde skal ha på sine eigne klede etterpå, og nokre ønskjer at giftering eller andre smykke framleis skal vere på.
Legg reint laken og vernelaken under pasienten, og pakk inn den døde i lakenet før transport til kjølerom.
Fest merkelapp med namn, fødselsnummer, avdeling og dødstidspunkt på høgre stortå og nedst på lakenet.
Følg rutinane til avdelinga for transport til kjølerom. Dersom pasienten døyr heime, er det ikkje naudsynt med merking og innpakking i laken fordi den døde blir flytta direkte frå senga til kista.
Utfordringar til deg
Korleis er rutinane for stell av døde på praksisstaden din?
Kva informasjon er det viktig å gi til pårørande som skal delta i stell av den døde?
Korleis kan du bidra til at dei etterlatne føler seg godt tekne vare på etter eit dødsfall?