Hopp til innhald

Fagstoff

Omsorg og pleie ved slutten av livet

Det overordna målet for omsorg og pleie ved slutten av livet er at pasienten skal få ein best mogleg livskvalitet og ein verdig slutt på livet.
Ung hand held ei gammal hand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døden er òg ein del av livet, og alle menneske vil før eller seinare komme til det stadiet i livet der døden er meir sannsynleg og naturleg enn vidare liv.

Lindrande behandling i livets sluttfase

Det å ta hand om døyande og dei pårørande er ei av dei mest krevjande pleie- og omsorgsoppgåvene ein helsefagarbeidar kan få. På dødsleiet er ikkje målet å leggje flest mogleg dagar til livet til pasienten, men å gi mest mogleg liv til dei dagane pasientane får.

Terminalpleie er eit arbeidsfelt der du får vist omsorgsevna di og empatien din. Terminalpleie er den pleia som høyrer til slutten av livet eller siste stadiet før døden.

Omsorg for døyande

Respekt for menneskeverdet blir sett på ei alvorleg prøve når helsefagarbeidaren møter menneske på dødsleiet. Det er særleg i møte med døden at haldningane og menneskesynet til helsepersonellet blir synlege. Den optimale pleia, omsorga og behandlinga i sluttfasen av livet må rette seg mot dei fysiske, psykiske, sosiale, åndelege og kulturelle behova til pasienten. Det gjeld med andre ord å yte omsorg og pleie ut ifrå eit heilskapleg menneskesyn. Behova er individuelle, og det må òg pleia vere.

Dei fleste menneske fryktar døden fordi han er ukjend. Dette kan òg gjelde for helsepersonell. Å skulle hjelpe menneske i krise og sorg når ein sjølv er redd, er ei stor utfordring. Situasjonar knytte til døden og døyande kan òg vekkje minne om dødsfall i eins eige liv. Det er heilt vanlig at helsepersonell kjenner seg urolege, redde, hjelpelause, fortvila og sårbare når dei følgjer ein pasient på dødsleiet.

Pleie ved slutten på livet

Pleie- og omsorgsoppgåvene overfor ein døyande er dei same som dei helsefagarbeidaren yter overfor andre pasientar. Den døyande skal til dømes ha munnstell og hjelp til personleg hygiene, komplikasjonar ved immobilitet skal førebyggjast, og verknader og biverknader av medisinar skal observerast.

Pasienten er sjølv ekspert på livet sitt, og dei pårørande har òg kunnskap og erfaringar som kan kome til nytte. Dette tilseier at både pasienten og dei pårørande er heilt sentrale i den siste fasen i livet til eit menneske. Det at dei pårørande blir trekte aktivt inn i dødspleia, kan vere ei god byrjing på sorgprosessen deira.

Samtale om døden

Kva for reaksjonar den einskilde pasienten har på dødsleiet, kan vere ulikt. Det vil ha samanheng med alder, personlegdom, livssituasjon, korleis sjukeleiet har vore, og kulturell bakgrunn. Eldre menneske er ofte førebudde på døden, og viss helsepersonellet tek seg tid til å lytte til den sjuke, vil personen ofte ha tankar og ønske om den siste tida.

Å tore å snakke om døden kan skape tryggleik og redusere angst for alle dei involverte. For mange pasientar er frykta for å tape verdigheit i samband med dødsleiet tydeleg. Å ta vare på verdigheita til eit menneske ved slutten av livet er viktig i den terminale omsorga. At helsepersonellet etterkjem ønske for dødsleiet, er det same som at dei viser respekt for den døyande.

Utfordringar til deg

  1. Kva trur du blir meint med at det er særleg i møte med døden at haldningane og menneskesynet til helsepersonellet blir synlege?

  2. Det er eit ambisiøst mål at alle menneske skal få ei verdig avslutning på livet. Kva inneber det i praksis?

  3. Kvifor trur du døden er eit tema det er vanskeleg å snakke om i Noreg? Diskuter dette i klassen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten, Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 26.03.2021

Læringsressursar

Omsorg ved slutten av livet