Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lindrande behandling og omsorg

Hospice er ein institusjon for pasientar med dødeleg sjukdom der den aktive behandlinga er avslutta, og der fokuset er flytta til lindrande behandling og omsorg i den siste fasen av livet.

Oppgåver

  1. På kva måte kan hospice vere eit meir heilskapleg tilbod enn sjukehus for menneske som snart skal døy?

  2. Kvifor er det viktig med tverrfagleg kompetanse blant dei tilsette på hospice?

  3. Lag eit tankekart over naudsynte eigenskapar for helsefagarbeidarar som skal arbeide med alvorleg sjuke menneske og pårørande deira.

  4. Skriv eit refleksjonsnotat basert på tankekartet du laga i oppgåve 3.

    1. Kva for nokre av desse eigenskapane har du allereie?

    2. Kva for nokre av desse eigenskapane ønskjer du å forbetre, og korleis kan du gjere det?

  5. Gå inn på nettsida til kommunen eller fylkeskommunen din og finn ut kva tenestetilbod som finst for lindrande pleie og behandling. Vel éin av tenestestadene og lag ein presentasjon som blir delt i klassen. Ta med informasjon om

    • talet på plassar for dagtilbod eller døgntilbod

    • tilbod for pårørande

    • kva yrkesgrupper som jobbar der

    • inntak av pasientar

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2022

Læringsressursar

Omsorg ved slutten av livet