Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2)
Felles programfag saman med:Kommunikasjon og samhandling (HS-HEA vg2)ogYrkesliv i helsearbeidarfag (HS-HEA vg2)
Bygger på:Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1)
Heilskapleg omsorg og pleie
Som helsefagarbeidar skal du bidra til å vareta brukarar sine behov for helsehjelp gjennom heile livsløpet. Heilskapleg omsorg og pleie handlar om å fremje helse, meistring og livskvalitet og å hjelpe menneske til å få dekt dei heilskaplege behova sine.
Helseutfordringar hos barn og unge
Barn og unge har generelt lågare risiko for sjukdom og helsesvikt enn eldre, og helseutfordringane er ofte ikkje dei same som hos vaksne. Det er viktig at du tenkjer helsefremjande i arbeid med barn og unge for å førebyggje at dei utviklar helseproblem eller at helsetilstanden blir forverra.