Hopp til innhald

Smittevern og hygiene

Smittevern og hygiene er eit viktig arbeidsområde for helsefagarbeidaren. Hygienetiltak i helse- og omsorgstenesta omfattar tiltak for å halde oppe god hygiene og forhindre spreiing av smittsame sjukdommar blant pasientar og tilsette.

Grunnleggande smittevernrutinar

Som helsefagarbeidar kjem du i kontakt med menneske som av ulike årsaker treng hjelp for å ta vare på den personlege hygienen sin og verne seg mot smitte. Haldningane og kunnskapane dine vil då vere avgjerande for ta vare på god hygiene og førebygge smittespreiing.