Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2)
Felles programfag saman med:Kommunikasjon og samhandling (HS-HEA vg2)ogYrkesliv i helsearbeidarfag (HS-HEA vg2)
Bygger på:Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1)
Sjukdom og helsesvikt
Kunnskapane dine om ulike sjukdommar saman med observasjonar av allmenntilstanden til brukaren er ofte avgjerande for å avdekkje symptom på sjukdom eller skade og for å kjenne igjen teikn på forverring. Du må òg kunne foreslå tiltak og delta i behandling og grunnleggjande sjukepleie.
Smittsame sjukdommar
Når framande mikroorganismar trengjer inn i kroppen til ein organisme, kan det føre til at den indre likevekta blir forstyrra, og at det oppstår sjukdom. Virale og mikrobielle sjukdommar er smittsame og kan overførast mellom individ.