Hopp til innhald
Film og filmklipp

Kva er kreft?

Kroppen produserer heile tida nye celler for å erstatte cellene som blir gamle og døyr. Kreft kjem av at det oppstår mutasjonar (skadar) i arvestoffet i cella slik at celledelinga kjem ut av kontroll. Det kan då bli ei opphoping av celler som etter kvart dannar ein kreftsvulst.
Video: Norsk Helseinformatikk / CC BY-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Sjå filmen, og forklar omgrepa:

    1. mitose

    2. apoptose

    3. mutasjon

    4. benign

    5. malign

    6. primærstad

    7. sekundærstad

    8. metastase

  2. Kva skjer dersom det blir ubalanse i forholdet mellom mitose og apoptose?

  3. Korleis kan kreftceller flytte seg til frå ein del av kroppen til andre delar?

Relatert innhald

Fagstoff
Celledeling

Alle levande organismar er bygde opp av celler. Når ein organisme veks, er det fordi cellene veks og deler seg slik at det blir stadig fleire celler.