Brystkreft (cancer mammae) - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Brystkreft (cancer mammae)

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant kvinner, men sjukdommen kan faktisk ramme alle. Førekomsten av brystkreft har auka betydeleg dei siste tiåra, men fleire enn før overlever og blir friske etter sjukdommen.

I 2021 fekk 4111 personar brystkreft i Noreg, av desse var 4076 kvinner og 35 menn. Tidlegare diagnostisering av sjukdommen enn før og store framsteg i behandling av brystkreft gjer at sjansane er gode for å bli frisk eller leve lenge trass i sjukdommen.

Førebygging

Tidleg start på menstruasjonen og sein overgangsalder, altså mange år med menstruasjon, er ein risikofaktor for utvikling av brystkreft. Dette kjem av biologiske faktorar. Mellom fem og ti prosent av brystkrefttilfella kjem av arv, og cirka to prosent kjem av same genfeil som kan forårsake eggstokkreft. I familiar med auka førekomst av brystkreft eller eggstokkreft er det derfor ekstra viktig å følge med og å kontakte lege ved teikn på forandring i brysta.

Forhold som kan redusere risikoen for brystkreft:

  • få barn tidleg (før du fyller 25) og føde fleire barn

  • amme

  • drikke minst mogleg alkohol. Risikoen for brystkreft aukar jo meir du drikk av alkoholhaldige drikker, uavhengig av type drikke.

  • unngå overvekt

  • drive fysisk aktivitet

  • ha sunt kosthald

  • ikkje røyke

  • avgrense eller unngå bruk av østrogentilskot i samband med overgangsalder

  • undersøke brysta sjølv og delta i mammografiprogrammet slik at eventuell oppstått brystkreft kan diagnostiserast og behandlast tidleg

Tenk over

Forsking har vist at turnus- og nattarbeid over mange år kan medføre auka risiko for brystkreft. Kva trur du er samanhengen mellom ukomfortabel arbeidstid og faktorar som kosthald og fysisk aktivitet?

Symptom

Forandringar i brysta som ikkje nødvendigvis er teikn på brystkreft, men som bør undersøkast nærare:

  • kul eller hevelse i brystet og/eller i armhola

  • inndraging eller søkk i huda

  • brystvorte som trekker seg innover eller peikar i ei anna retning enn vanleg

  • hud- eller eksemforandringar

  • raudheit eller anna fargeendring av hud

  • utslettliknande forandringar

  • hud som blir tjukkare eller appelsinhud

  • sår som ikkje vil gro på huda på brystet

  • væsking frå brystvorta som ikkje kjem av amming eller medikamentsbruk

Diagnose

Den kliniske undersøkinga inneber at legen kjenner på brystet, armhola og halsregionen for å finne ut om det er nokre unormale forandringar. Mammografi (røntgenundersøking av brysta), ultralyd eller MR blir gjorde for å sjå etter forandringar som ikkje kan kjennast, og for å avdekke eller stadfeste funn frå den kliniske undersøkinga.

Celleprøve med ei tynn nål inn i kulen blir gjord for å avklare om han består av godarta eller vondarta celler. Biopsi (vevsprøve) blir gjord for å få ein større bit av svulsten. Biten blir undersøkt for ulike biomarkørar, eigenskapane til kreftcellene, og dette har betydning for kva behandling som blir vald.

Behandling

Som ved andre former for kreft avheng behandlinga av kor langt kreften har utvikla seg, alderen og allmenntilstanden til pasienten.

Kirurgi

Dei fleste brystkreftsvulstar kan opererast bort saman med nærliggande vev. Dette blir kalla brystbevarande kirurgi og gjeld omtrent 80 prosent av dei som blir opererte.

Dersom svulsten er stor, det er fleire svulstar, eller kreftcellene er svært aggressive, blir heile brystet fjerna. I slike tilfelle får kvinna tilbod om rekonstruksjon av brystet viss ho ønsker det. Under operasjonen blir òg den næraste lymfeknuten fjerna for å undersøke om det er spreiing, i så fall blir fleire lymfeknutar fjerna.

Strålebehandling

Etter brystbevarande kirurgi blir det brukt strålebehandling for å sikre at alle kreftcellene blir fjerna. Når heile brystet er fjerna, blir strålebehandling brukt viss det er spreiing til lymfeknutar. Stråling blir òg brukt som livsforlengande og palliativ behandling for pasientar som ikkje blir friske av brystkreft.

Cellegift

I nokre tilfelle blir cellegift brukt for å minske storleiken på kreftsvulsten slik at han kan fjernast med operasjon. Cellegift blir òg brukt for å forhindre spreiing og tilbakefall av sjukdommen, og som livsforlengande behandling for pasientar med spreiing.

Hormonbehandling

I samband med diagnostiseringa av brystkreft blir sensibiliteten til kreftcellene for hormona østrogen og progesteron undersøkt. For å førebygge tilbakefall av brystkreft blir hormonkjenslevare svulstar i fem til ti år etter operasjonen behandla med medisinar som hindrar kreftcellene i å dele seg. Hormonbehandling blir òg brukt som livsforlengande behandling for pasientar med brystkreft og spreiing.

Immunterapi og målretta legemiddel

Omtrent 15 prosent av alle som får brystkreft, får ei form som blir kalla trippel negativ brystkreft. Det betyr at kreftcellene manglar reseptorar (mottakarmekanismar) som kan binde seg til østrogen og progesteron, og hormonbehandling vil derfor ikkje ha nokon effekt. For desse pasientane kan immunterapi som stimulerer immunsystemet til sjølv å oppdage og kjempe mot kreftcellene, vere eit behandlingsalternativ.

Målretta legemiddel verkar delvis ved å påverke celledelinga til kreftcellene slik at dei døyr, og delvis ved at dei stimulerer pasienten sitt eige immunsystem til å kjempe mot kreftcellene. Denne behandlingsforma blir brukt både for å førebygge spreiing og som behandling viss spreiing har oppstått.

Utfordringar til deg

  1. Dei fleste som får brystkreft, er kvinner, men kvart år får rundt 30 norske menn denne kreftforma. Kva trur du kan vere forskjellar mellom kjønna med tanke på korleis det opplevast å få brystkreft?

  2. Kva tenker du Rosa sløyfe-aksjonen betyr for merksemda rundt brystkreft?

  3. Kva livsstilstiltak kan du sjølv gjennomføre for å redusere den auka risikoen for brystkreft knytt til turnus- og nattarbeid?

Kjelder

Helsenorge. (2021, 27. januar). Brystkreft. https://www.helsenorge.no/sykdom/kreft/brystkreft/

Kreftregisteret. (2024, 7.mai). Brystkreft. https://www.kreftregisteret.no/kreftformer/Brystkreft/

Relatert innhald

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 12.08.2024