Hopp til innhald

Fagstoff

Føflekkreft (malignt melanom)

Sidan 1950-talet er førekomsten av føflekkreft tidobla i Noreg. Kvart år døyr over 300 nordmenn av denne sjukdommen, og Noreg ligg øvst på lista for dødelegheit av føflekkreft i Europa. På verdsbasis er det berre New Zealand som har høgare dødelegheit av denne krefttypen enn oss.
Kvinne et appelsin i strålande sol på påskefjellet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Melanom eller føflekkreft er den alvorlegaste forma for hudkreft, og det kan oppstå overalt på kroppen. Dei fleste som får denne forma for hudkreft, er over 60 år, men dette er òg den nest vanlegaste kreftforma i aldersgruppa 25–49 år.

Årsaker og risikofaktorar

Hovudårsaka til auken i føflekkreft dei siste tiåra er endring i solvanar fordi mange vil ha solbrun hud heile året. Opp mot 90 prosent av hudkrefttilfella har samanheng med UV-strålar, og denne strålinga kjem hovudsakleg frå sol og solarium.

Intens soling og solbrentheit aukar risikoen for kreft. Solbrentheit både i barnealder og opp til 40-årsalderen kan føre til føflekkreft seinare i livet. Bruk av solarium er kreftframkallande, og særleg dersom ein bruker solarium i ung alder. Dette er grunnen til at det er innført 18-årsgrense for bruk av solarium i Noreg.

Mellom fem og ti prosent av føflekkrefttilfella kjem av arvelege faktorar. Risikoen aukar dersom to av foreldra, barna eller søskena dine eller tre personar i annan familie har føflekkreft.

Personar med lys hud er meir utsette enn personar med mørk hud, det same gjeld om du har raudt eller blondt hår. Blå augefarge og frekner er òg knytte til auka risiko. Mange føflekkar eller store fødselsmerke, eller at du tidlegare har hatt hudkreft, er òg risikofaktorar for melanom.

Førebygging av føflekkreft handlar altså hovudsakleg om solvern og å ikkje bruke solarium.

Tre føflekkar med ulike fargar, form og storleik. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Symptom

Melanom kan oppstå overalt på kroppen. Dei fleste tilfella oppstår på huda, men det kan òg finnast i slimhinner. Det kjem oftast som ein ny føflekk, men det er viktig å oppsøke lege dersom ein ny eller gammal føflekk

  • endrar form eller farge

  • aukar i storleik

  • klør, blør eller blir til eit sår

  • har asymmetrisk form

  • har ujamn farge

  • har uklar overgang til normal hud

Diagnose

Legen undersøker huda og føflekken grundig og innhentar opplysningar frå pasienten om forandringa i huda. Ved mistanke om kreft blir føflekken fjerna og send til undersøking ved eit laboratorium. Dersom laboratoriet finn ut at det er melanom, blir det ein operasjon der ein del av området rundt der føflekken sat, blir fjerna. Dette er for å sikre at alt kreftvevet er borte.

I tillegg blir det nytta ultralyd for å sjekke om det er hevelse i lymfeknutane i nærleiken av føflekken, og CT-undersøking for å finne ut om det er spreiing til andre delar av kroppen. Dersom det ikkje blir påvist spreiing, vil tjukna på melanomet avgjere kva behandling som blir vald.

Behandling

Føflekkreft blir først og fremst behandla med kirurgi der melanomet og eit område rundt blir fjerna. Omfanget av operasjon avheng av storleiken og tjukna på føflekken og om det er spreiing til lymfeknutar i nærleiken.

Immunterapi er behandling som skal stimulere immunsystemet til sjølv å oppdage og kjempe mot kreftcellene. Immunterapi blir gitt intravenøst og gir færre alvorlege biverknader enn cellegift, men det kan oppstå biverknader som betennelsesreaksjonar i ulike organ fordi immunforsvaret blir overaktivt. Målretta behandling/signalhemmarar er medikamentell behandling med tablettar som hemmar evna kreftcellene har til celledeling, og det kan vere eit alternativ dersom føflekkreften har spreidd seg eller ikkje kan fjernast ved operasjon.

Strålebehandling blir nytta til å lindre plager og halde sjukdommen under kontroll når han har spreidd seg til andre delar av kroppen. Cellegift blir sjeldan nytta ved melanom.

Fordi det er ein viss risiko for tilbakefall av føflekkreft, skal pasientar gå til jamleg kontroll etter avslutta behandling.

Utfordringar til deg

  1. Kva for nokre positive gevinstar tenker du at sollys kan ha for helsa di?

  2. Korleis vernar du deg sjølv og andre mot dei skadelege effektane av sola?

  3. Kvifor er det så mange som ønsker seg solbrun hud heile året? Diskuter med ein medelev.

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2015). Føflekkreft – forekomst, årsaker og forebyggende tiltak. En kunnskapsoversikt. https://www.fhi.no/globalassets/dokumenterfiler/rapporter/2015/foflekkreft---forekomst-arsaker-og-forebyggende-tiltak-pdf.PDF

Helsenorge. (2021, 12. april). Føflekkreft (Melanom). https://www.helsenorge.no/sykdom/kreft/foflekkreft/

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 01.08.2022

Læringsressursar

Kreft