Hopp til innhald

Fagstoff

Sjukepleie ved kreft

Sjølv om nesten tre av fire som får kreft, overlever, og at stadig fleire blir friske av sjukdommen, medfører ein kreftdiagnose ofte ein krisereaksjon med stor uvisse og bekymring for framtida.
Pasient sit i ein stol og får cellegift intravenøst. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Menneske med ein kreftsjukdom vil ha ulike behov for sjukepleie avhengig av

  • alder og personlegdom
  • kreftform
  • sjukdomsforløp
  • framtidsutsikter
  • reaksjonar og problem dei opplever som følge av sjukdommen og behandlinga
  • erfaringar og kunnskapar
  • relasjonar til andre menneske

Observasjonar

Vi observerer dei symptoma og plagene pasienten har. Både det som er ei følge av sjølve kreftsjukdommen, og dei komplikasjonane som kan oppstå som følge av immobilitet. Vi må òg observere verknad og biverknader av kreftbehandlinga.

Personleg hygiene

Allmenntilstanden til personen vil avgjere om han eller ho treng hjelp til personleg hygiene og påkledning. Under behandling og i eit seint stadium av sjukdommen er pasienten gjerne avkrefta. Som helsefagarbeidar må du ta omsyn til dei plagene vedkommande har, og legge til rette for at pasienten i så stor grad som mogleg kan nytte ressursane sine og utøve eigenomsorg. Dette er viktig for sjølvkjensla.

Pasientar som får cellegift- eller strålebehandling, kan få beinmergsdepresjon som ein biverknad. Då er immunforsvaret sterkt nedsett, og det er derfor viktig å vere ekstra påpasseleg med hygieniske retningslinjer.

Aktivitet og kvile

Frisk luft og aktivitet blir tilrådd fordi det verkar gunstig for både fysisk og psykisk helse, men hard trening bør unngåast under behandling med cellegift og stråling. Å vere i aktivitet er viktig for å unngå komplikasjonar ved immobilitet. Dersom personen er avmagra, kraftlaus og har nedsett immunforsvar, er faren for komplikasjonar ved immobilitet stor. Passive øvingar i seng, hjelp frå fysioterapeut og formålstenlege hjelpemiddel kan førebygge immobilitetskomplikasjonar.

Ein kreftpasient under behandling kan oppleve å vere trøytt og avkrefta. Det er viktig med god kvalitet på søvn og kvile for å samle krefter til behandlinga. Det kan gi betre søvn eller kvile at ein ligg eller sit godt, støtta opp av puter, har reint sengeklede, ligg i eit godt utlufta rom, at romtemperaturen er behageleg, og kanskje har dempa musikk og svak belysning.

Kvinneleg helsefagarbeidar serverer mat til eldre mannleg pasient i blå skjorte som sit i ein stol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ernæring

Kreftpasientar kan ha problem knytte til ernæring, som dårleg matlyst, kvalme og brekkingar, smaksforandringar, munntørrleik og sår munnhòle. Ved slike problem vil pasienten ete lite, og då bør ikkje målet vere å halde oppe eit normalt måltidsmønster.

Det viktigaste er at kroppen får næring. Det blir tilrådd å ete små porsjonar med to til tre timars mellomrom, tygge godt og ta pausar i måltidet. Det er viktig at du serverer det personen har lyst på. Litt mat er betre enn ingen mat.

Måltida bør bestå av matvarer som er proteinrike, og som gir mykje energi. Fargerike rettar kan skjerpe appetitten. Dersom pasienten et lite, er det viktig med næringstett kost, altså mat som i små porsjonar inneheld mange kaloriar og næringsstoff.

Eliminasjon

Smertestillande medikament, lågt væskeinntak, dårleg matlyst og lite fysisk aktivitet kan føre til at kreftpasientar blir obstipert. Rikeleg drikke, auka fiberinnhaldet i kosten, sure mjølkeprodukt, gode toalettrutinar og aktivitet er gode tiltak for å førebygge obstipasjon. Kaffi eller anna varm drikke er verksamt for nokre pasientar, og nokon får føreskrive lettare avføringsmiddel for å førebygge obstipasjon.

Diaré kan ha mange årsaker, til dømes antibiotikum og cellegift, strålebehandling mot mage- og bekkenparti, infeksjonar i tarmen eller psykisk stress. Langvarig diaré kan føre til alvorleg feil- og underernæring. Då kan kroppen tape mineral, vitamin og vatn, og risikoen for å få infeksjonar aukar. Ved diaré kan ein bli sår rundt endetarmen. For å førebygge dette kan det vere ei løysing å bruke dusj framfor toalettpapir når ein reingjer seg etter tømming. Vassavstøytande salve bør smørjast rundt endetarmen. Ved diaré er det viktig å ta nokre kosthaldsomsyn.

Urinvegsinfeksjon kan oppstå på grunn av redusert immunforsvar, dårleg personleg hygiene eller som ein komplikasjon som følge av immobilitet. God hygiene nedantil med bruk av såpe med låg pH, gode tømmingsrutinar der resturin blir unngått, rikeleg inntak av sure drikker, næringsrikt kost, aktivitet og hyppig skift av eventuelle innlegg vil førebygge urinvegsinfeksjon.

Smerte

Nokre kreftpasientar opplever smerte. Det finst mange gode smertestillande medikament, og målet er at kreftpasientar skal vere smertefrie. Pasienten bør få smertestillande i god til før stell og andre gjeremål. Det er viktig at pasienten tek smertestillande med jamne intervall, slik at effekten blir optimal.

Smertelindrande tiltak kan òg vere god ligge- eller sitjestilling, lett berøring eller massasje, kalde eller varme omslag, dempa musikk og svak belysning, ro, hyppig skifte av stilling, og at nokon er nær og gir god omsorg.

Helsefagarbeidar viser omsorg for sengeliggande pasient ved å sitje på sengekanten, halde han på armen, smile og ha augekontakt når han snakkar til ho. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hud og sår

Ein kreftpasient kan ha operasjonssår, og det er viktig med førebyggande tiltak for å unngå at det blir infeksjonar i såret.

Strålebehandling kan gi skadar på huda i stråleområdet. Huda kan bli sår og tørr, og derfor blir det tilrådd at ein bruker ein god feit hudkrem. Klede av ull eller kunststoff kan irritere det bestrålte området, og derfor blir det tilrådd å bruke klede av bomull eller silke. Det bør ikkje brukast såpe eller parfymerte hudprodukt som kan irritere ei allereie sår hud, og ein må ikkje skrubbe eller gni huda. Ein skal unngå å utsetje strålefeltet for sollys i minst eitt år etter at behandlinga er avslutta.

Det er fare for trykksår (decubitus) på grunn av immobilitet og avmagring, og derfor er det viktig med trykkavlastande hjelpemiddel, god ernæring, rikeleg drikke, aktivitet og god hudpleie.

Nokre kreftpasientar vil miste håret under behandlinga, og mange kan oppleve dette som ei stor påkjenning. God informasjon og ein tilpassa parykk tilgjengeleg i tilfelle håret fell av, kan gjere opplevinga mindre traumatisk.

Sirkulasjon

Dei fleste cellegiftene svekker funksjonane til beinmergen i større eller mindre grad, slik at den normale produksjonen av blodceller blir hemma. Då kan pasienten få auka infeksjonsfare, auka blødingstendens og anemi. Det er viktig at du observerer pasienten nøye for å oppdage eventuelle symptom som kan oppstå som følge av svekt beinmerg.

Psykiske behov

Det å få ein kreftdiagnose er ei stor psykisk påkjenning. Behandlinga er krevjande, og behandlingsperioden og tida etterpå vil for dei fleste innebere både bekymringar og ubehag. Å få ein kreftdiagnose medfører ofte òg praktiske, sosiale og økonomiske konsekvensar.

Som helsefagarbeidar er det viktig at du har kunnskapar om og kan ta omsyn til ulike krisereaksjonar og vere ei støtte for både den som er sjuk, og for dei næraste. Reaksjonane på det å ha fått og det å ha ein kreftdiagnose er individuelle både for pasienten sjølv og for dei pårørande.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du legge til rette for brukarmedverknad i møte med ein pasient under kreftbehandling?

  2. Korleis kan omsorga di redusere smerter og ubehag?

  3. Kvifor trur du det kan vere ei stor påkjenning for mange å miste håret under behandlinga?

  4. Korleis kan du vere ei god støtte for pasientar under og etter kreftbehandling?

Relatert innhald

Underernæring har helsemessige konsekvensar for den enkelte, som auka risiko for infeksjonar, redusert fysisk og psykisk helse og auka dødelegheit.

CC BY-SASkrive av Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Birgit Flaten. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 31.07.2022

Læringsressursar

Kreft