Hopp til innhald

Sjukdom og helsesvikt

Kunnskapane dine om ulike sjukdommar saman med observasjonar av allmenntilstanden til brukaren er ofte avgjerande for å avdekkje symptom på sjukdom eller skade og for å kjenne igjen teikn på forverring. Du må òg kunne foreslå tiltak og delta i behandling og grunnleggjande sjukepleie.

Psykiske lidingar og rusmiddelavhengnad

Personar med psykiske lidingar har ofte utfordringar med rus, og personar som er rusmiddelavhengige, er meir utsette for psykisk sjukdom enn andre. Behandlingstilboda for menneske med psykiske lidingar og rusmiddellidingar er derfor ofte lokaliserte på same stad for ei meir heilskapleg behandling.