Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Grammatikmix 1

Symbol for grammatikkoppgåve. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Substantiv

  1. Kva slags ord høyrer til ordklassen substantiv? Forklar og bruk desse orda som døme:
    Lisa, Mons, gullfisk, hund, tallerken, mat, Alpane, regn, fridom, kjærleik
  2. Forklar forskjellen mellom eigennamn og fellesnamn og gi døme, både tyske og norske.
  3. Kva kallar ein ordklassen substantiv på tysk?
  4. Forklar bruken av stor og liten forbokstav ved substantiv i norsk og tysk.

Oppgåve 2

Pronomen

  1. Kva er eit personleg pronomen? Forklar.
  2. Kva meiner vi i grammatikken når vi snakkar om første, andre og tredje person?
  3. Lag ein tabell over dei personlege pronomena i norsk: første, andre og tredje person; eintal og fleirtal.
  4. I leksjon ein lærer du dei tyske formene av desse personlege pronomena: eg, du, De, vi. Kva heiter formene?
  5. Kva heiter den høflege forma av pronomenet på norsk?
  6. Og kva heiter den høflege forma av pronomenet på tysk?
  7. Kor vanleg er bruken av høfleg form i norsk og i tysk?
    (Les gjerne også kva Språkrådet har å seie om bruk av høfleg form i bokmål og nynorsk: Språkrådet om høfleg form).
  8. Kva heiter det upersonlege pronomenet på bokmål og på nynorsk?
  9. Kva heiter det upersonlege pronomenet på tysk?
  10. Når bruker vi det upersonlege pronomenet?

Oppgåve 3

Verb

  1. Forklar kva slags ord som høyrer til ordklassen verb, med utgangspunkt i desse døma:

    • sykle, skrive, vaske
    • lysne, ruste, sovne
    • ligge, sitte, sove
  2. Kva kallar vi grunnforma av verbet?
  3. Kva ending har denne grunnforma

    • i norsk (gi to døme)
    • i tysk (gi to døme)
  4. Kva er tidsbøying? Forklar og gi (norske) døme.
  5. Når bruker vi verbforma presens? Ta utgangspunkt i setningsdøma nedanfor og forklar.

    • Ich gehe jetzt.
    • Ich heiße Carola.
    • Ich komme morgen.
  6. Kva vil det seie at tyske verb har personbøying? Forklar og gi nokre døme.
  7. Har vi personbøying i norsk?
CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2018

Læringsressursar

Grammatik