Øving
Trykk i ord
Jobb med trykk i enkeltord i tysk: Lytt, kjenn att og snakk sjølv.
Når vi uttaler eit enkeltord, er det alltid éi staving som får større vekt enn dei andre. Vi seier at denne stavinga er trykktung, medan dei andre stavingane er trykklette.
Nokre eksempel:
- Noreg har trykk på første staving: Noreg.
- Begynne har trykk på andre staving: begynne.
- Paris har trykk på siste staving: Paris.
I norsk og tysk er det ofte den første stavinga i ordet som får trykk, men det finst ein del unntak, blant anna mange framandord.
I staden for trykktung og trykklett bruker ein for øvrig også nemningane trykksterk og trykksvak.