Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nokre ord med ch, chs og s+ch

Øv på nokre tilleggsreglar for uttalen av ch.

Ch uttalt som k

  • I framandord og lånord blir ch ofte uttalt som k, til dømes først i eit ord: Charakter (karakter), Chor (kor) , Christentum (kristendom).
  • Men om ch blir etterfølgd av ein e eller i, uttaler vi ch likevel som ein ich-lyd: Chemie (kjemi), China (Kina).
  • Veldig ofte kan du tenke deg fram til uttalen når du veit korleis det tilsvarande norske ordet blir uttalt.
  • I Sør-Tyskland og Austerrike uttaler ein ch-lyden som k også i ord som Chemie, China osv.

Chs uttalt som ks

  • Bokstavkombinasjonen chs blir oftast uttalt ks: Lachs, Ochse. Også her er det nyttig å sjå på det tilsvarande norske ordet (laks, okse).
  • Når s ikkje er ein del av sjølve ordet, men ein del av endinga, får ch vanleg uttale: du machst, du kochst.

Uttale av s+ch

  • Sch uttaler vi til vanleg skj på tysk: Schuh, waschen.
  • Men om eit substantiv endar på -s og vi legg til endinga -chen, uttaler vi s og ch kvar for seg: Häuschen, Mäuschen.

Litt moro for språknerdane: Endinga -chen kallar vi med eit faguttrykk for eit diminutivsuffiks. Ordet suffiks tyder "ending", det vil seie noko vi hektar på i slutten av eit ord. Ordet diminutiv kjem av latin diminuere, "forminske".

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 05.07.2018

Læringsressursar

Uvant skriftbilde: sch og ch