Øving
Ich-lyd og ach-lyd
Bokstavkombinasjonen ch har to uttalevariantar, som begge er lette å få til.
Den tyske bokstavkombinasjonen ch står for to litt ulike lydar. Han kan uttalast som kj i (standard) austnorsk kino, kjeft eller kjip, ganske langt framme i munnen. Da blir han kalla for ich-lyd.
Ch kan også uttalast lenger bak i munnen: Prøv å seie h, men lag ei trongare opning bak i munnen og bruk meir luft, og prøv deg fram. Denne lyden kallar ein for ach-lyd
PS: Ch og sch blir aldri uttalte likt i tysk!
Du seier kanskje sjino, sjeft og sjip? Du skil ikkje mellom sj og kj i norsk? Det får du ikkje gjere i tysk: Her må sch og ch alltid uttalast ulikt.
- Etter dei mørke vokalane a, o, u og etter den mørke diftongen au uttaler vi ch med ach-lyd. Dei mørke vokalane blir uttalte litt lenger bak i munnen, og da følger også ch-lyden etter.
- Elles uttaler vi ch med ich-lyd.
- Vi uttaler ch som ich-lyd også etter konsonantane l, n og r: Milch, manche, durch.
- Endinga -chen (som fortel oss at noko er lite) blir alltid uttalt med ich-lyd: Mäppchen, Weibchen, Häuschen.