Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv deg på teikn-til-tale

Teikn-til-tale er eit hjelpemiddel for å gjere talespråket til barn og unge tydelegare og dermed styrke samspel og språkutvikling. Vi seier at teikn-til-tale er forlenginga av språket ditt. Her får du høve til å bli betre kjend med teikn-til-tale og øve deg på nokre teikn.
Vaksen leiar og liten gut i blå fotballgenser snakkar saman under etetid på SFO. Den vaksne ser på guten og helde handflatene mot kvarandre med hendene flatt litt over bordet. Guten riv i brødskiva si. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Kva er teikn-til-tale?

  2. Korleis blir teikn-til-tale nytta?

  3. Kvifor blir teikn-til-tale nytta?

  4. På nettet ligg det songar og regler for barn der det er sett til teikn-til-tale.

    1. Finn to songar eller to regler med teikn-til-tale, og ler deg dei med både teikn og tale.

    2. Film deg sjølv når du gjennomfører songen/regla. Hugs at du både skal seie og vise teiknet samtidig.

  5. Gå inn på nettsida tegnordbok.no. Du kan òg laste ned dette som ein app. Finn teikna for ditt eige namn og namna til nokon andre i klassen, og øv dykk saman. Finn deretter teikna for følgande setning: "Etter skulen i dag skal eg møte vennene mine. Då skal vi synge, danse og ha det gøy saman."

  6. Lag ei setning ved hjelp av teikn, og la dei andre i klassen prøve å finne ut kva du seier. Bruk teiknordboka som hjelpemiddel.

  7. Søk på nettet og lag ei liste over nettsider du kan nytte for å lære om teikn-til-tale.

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 29.09.2023

Læringsressursar

Ulike kommunikasjonsferdigheiter