Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunikasjon med menneske med synshemming

For ein som er blind eller har nedsett syn, er det trygt å vite kven som er til stades, og kva som skjer rundt ein. Sei derfor frå til brukaren både når du kjem, og når du går. Sei kven du er, og om du er åleine eller har nokon med deg. Informer personen om kva du skal gjere, og kva du gjer.
Pleier og beboer på en institusjon i samtale. Pleiaren sit på huk ved stolen til den eldre kvinna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skap tryggleik

Når brukaren er i eit rom der det er fleire til stades, kan det vere vanskeleg for han eller ho å vite kven du snakkar til. Derfor bør du først seie namnet hans eller hennar eller ta forsiktig på armen hans eller hennar, slik at brukaren veit at det er han eller ho du snakkar til. Hugs berre at du aldri må ta på personen med synshemming utan å gi deg til kjenne først.

Skap tryggleik ved å seie kva du vil gjere før du byrjar, og fortel kva du gjer undervegs. Beskriv omgivnadene og aktiver andre sansar. La personen føle, lytte og lukte på ulike gjenstandar. På den måten bidreg du til å styrke opplevinga til personen.

Sørg for god belysning

Dersom brukaren har nedsett syn, må du gjere det du kan, for at han eller ho skal ha høve til å sjå deg. Sørg for at det er godt lys i rommet, men ver merksam på at lyset ikkje må blende brukaren. Ansiktet ditt bør vere godt opplyst og vendt mot brukaren. Du kan gjerne spørje brukaren kvar han eller ho synest det er best at du er plassert.

Hjelpemiddel og følgehjelp

Det finst ulike hjelpemiddel som gjer at personar med synshemming kan klare seg godt i kvardagen. I nokre situasjonar treng brukaren følgehjelp frå deg, til dømes når han eller ho skal flytte på seg frå éin stad til ein annan. Når du følger ein blind, skal du gå eitt skritt framfor, mens brukaren held fast like over olbogen din. Samtidig informerer du undervegs, mellom anna om korleis omgivnadene ser ut, og når de møter på hindringar, slik som dørstokkar og trapper.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig å seie frå til ein brukar med synshemming når du kjem, når du går, kven du er, og kva du gjer?

  2. Korleis kan ein person med synshemming vite kven du snakkar til?

  3. Korleis kan du legge til rette for at ein person med synshemming skal kunne sjå deg?

Relatert innhald

I dette filmklippet frå NRK kan du sjå korleis det går når programleiar Per Olav Alvestad prøver seg på ulike aktivitetar utan å kunne sjå.

CC BY-SASkrive av Lene Fossbråten, Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2022

Læringsressursar

Ulike kommunikasjonsferdigheiter