Du er tømrar og er med på ein anbodskonkurranse der du skal gi pris på å setje opp ein vegg i bindingsverk. Måla på veggen og andre detaljar finn du på sida "Å byggje vegg i bindingsverk".
Relatert innhald
Oppgåve 1
Det skal monterast skråavstiving på den lengste delen av veggen, sjå filmen på sida "Å byggje vegg i bindingsverk". Kor lang blir skråavstivinga?
Tips til oppgåva
Bruk pytagorassetninga.
Løysingsforslag
Den lengste veggen har måla 2 500 mm bortover og 2 400 mm oppover. Skråavstivinga blir derfor hypotenusen i ein rettvinkla trekant med sider 2 500 og 2 400 mm. Lengda på skråavstivinga blir
Oppgåve 2
Du skal bruke eit rekneark til å rekne ut anbodsprisen på veggen. Du bruker avansemetoden til å rekne ut prisen. Vi tek ikkje med kostnader til festemateriell som spiker og skruar i første omgang.
Kva skal/bør inndataområdet i reknearket innehalde?
Løysingsforslag
Inndataområdet i reknearket skal innehalde
- dimensjonane på veggen
- meterprisen på dei ulike trematerialane
- ein prosentsats for svinn/kapp
- timeprisen for tømrararbeid
- satsen for meirverdiavgift
- avansen i prosent
Oppgåve 3
Lag eit rekneark der du reknar på kor mykje du skal ta for å setje opp veggen. Reknearket skal innehalde
- utrekning av materialforbruk inkludert svinn/kapp
- kostnadene for sjølve arbeidet (vi går ut ifrå at det er 7 timars arbeid å setje opp denne veggen)
- sum kostnader
- 75 prosent avanse
- pris utan meirverdiavgift
- utrekning av meirverdiavgifta
- pris med meirverdiavgift = anbodspris
Til skråavstivinga blir dimensjonen 16 x 98 mm brukt. Finn meterprisar på materialane på nettet. Alternativt kan du bruke at skråavstivinga kostar 12 kr/m, og at standarverket kostar 19 kr/m. Det kan vere lurt å rekne om materialprisane til kroner per mm. (Kvifor?)
Lag ditt eige rekneark, eller bruk oppsettet i reknearket nedanfor. I dette reknearket skal du fylle ut dei gule felta med reknearkformlar eller tal.
Filer
Fasit
Anbodsprisen blir 11 010,98 kroner inkludert meirverdiavgift. Sjå ferdig utfylt rekneark lengst ned på sida.
Oppgåve 4
Kva blir den gjennomsnittlege prisen per kvadratmeter ferdig oppsett vegg?
Oppgåve 5
Bruk resultatet i den førre oppgåva til raskt å finne ut kva du skal ta for å setje opp bindingsverksveggen (utan tak og golv) til ei bu som måler 3 x 6 meter?
Oppgåve 6
Tømrarlønna går opp med 5 prosent. Korleis påverkar det anbodet i oppgåve 3 og den gjennomsnittlege prisen per kvadratmeter i oppgåve 4?
Oppgåve 7
Prisen på trelast går opp 15 prosent. Korleis påverkar det anbodet i oppgåve 3 og den gjennomsnittlege prisen per kvadratmeter i oppgåve 4?
Oppgåve 8
Nemn andre ting som kan påverke prisen på anbodet.
Oppgåve 9
Kva må avansen vere for at anbodsprisen i oppgåve 3 blir omtrent 12 270 kroner inkludert meirverdiavgift?
Oppgåve 10
Gjer eit anslag på kor mange skruar du treng til veggen i oppgåve 3. Finn prisen på skruar, legg dette inn i reknearket, og finn ut om du bør ta med skruane i anbodsprisen.