Oppgåve 1
T-skjortegutane AS kan ta inn eit parti T-skjorter frå Peru. Inntakskost per T-skjorte er 200 kroner utan meirverdiavgift. For å rekne ut salsprisen skal dei bruke påslagstalet 3. Meirverdiavgifta er 25 prosent.
- Rekn ut salsprisen med meirverdiavgift per T-skjorte.
- Kva blir salsprisen utan meirverdiavgift?
- Rekn ut avansen i kroner per T-skjorte.
- Rekn ut avansen i prosent.
Oppgåve 2
Nedanfor ser du fjorårets resultatrekneskap frå T-skjortegutane AS. Hugs at i resultatrekneskapen er tala alltid gitt opp utan meirverdiavgift.
Rekneskapspost | Sum, kroner |
---|---|
Salsinntekter | 2 000 000 |
Varekostnader | 1 100 000 |
Løn | 400 000 |
Avskriving | 50 000 |
Andre driftskostnader | 60 000 |
Sum kostnader | 1 610 000 |
DRIFTSRESULTAT | 390 000 |
- Rekn ut salsinntekter med meirverdiavgift.
- Rekn ut påslagstalet.
- Rekn ut avansen i kroner og i prosent.
Fasit oppgåve 1 a
Salsprisen med meirverdiavgift er 600 kroner.
Fasit oppgåve 1 b
Salsprisen utan meirverdiavgift er 480 kroner.
Fasit oppgåve 1 c
Avansen er 280 kroner.
Fasit oppgåve 1 d
Avansen utgjer 140 prosent.
Fasit oppgåve 2 a
Salsinntektene med meirverdiavgift er 2 500 000 kroner.
Fasit oppgåve 2 b
Påslagstalet er 2,3.
Fasit oppgåve 2 c
Avansen er 900 000 kroner, eller 21,8 prosent.
Her kan du sjå utrekningane i eit rekneark: